Liv Olasveen

Ledig 100% stilling sjukepleier eller vernepleier med vidareutdanning i rus og psykisk helse.

OmrådeVågå
Publisert3.12.2025
Søk senest15.1.2026

Om stillingen

Vågå kommune jobbar aktivt for å oppfylle dei nasjonale måla i Opptrappingsplanen for psykisk helse (2023--2033). Vi skal bidra til at fleire opplever god psykisk helse og livskvalitet, og at innbyggjarane får lett og likeverdig tilgang til hjelp. Arbeidet vårt er forankra i tre hovudområde:

  • helsefremjande og førebyggande psykisk helsearbeid

  • gode og tilgjengelege tenester der folk bur

  • styrkt tilbod til personar med langvarige og samansette behov

Vi legg stor vekt på brukarmedverknad, heilskaplege tenester og tverrfagleg samarbeid. Framover vil vi fortsette arbeidet med å utvikle det regionale samarbeidet innan rus og psykisk helse, og vi vil aktivt ta i bruk kunnskapsbaserte digitale verktøy i våre tilbod. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø som set meistring, livskvalitet og inkludering i sentrum.

Ein av våre dyktige medarbeidarar går av med pensjon til våren, og vi søkjer etter ein ny kollega i god tid for å sikre ei grundig innføring i stillinga. Vi er eit engasjert kollegium med variert bakgrunn og utdanning, som jobbar med menneske som har utfordringar knytt til rus, psykisk helse og/eller livsmeistring.

Arbeidsoppgåver:

• Heilskapleg oppfølging av pasientar med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar

• Kartlegging

• Behandling i tråd med oppgåvene til 1. linetenesta

• Utarbeiding og oppfølging av individuelle behandlingsplanar

• Tverrfagleg samarbeid med fastlege, heimeteneste, NAV og eksterne aktørar som t.d. DPS

• Rettleiing og støtte til pasientar og pårørande

• Deltaking i gruppetilbod som tur og trening, samt bidra i drift og utvikling av tenesta sitt dagsenter >

• Deltaking og oppgåver knytt til kommunens psykososiale kriseteam

Kvalifikasjonar:

• Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar

• Vidareutdanning i rus og psykisk helsearbeid

• Erfaring frå arbeid med rus og psykisk helse er ein fordel

• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

• Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert

Eigenskapar:

· Fagleg dyktig og engasjert

· Evne til å vise omsorg og bry deg om andre menneskjer

· Flink til å lytte og formidle kunnskap på en god og forståeleg måte

· Fleksibel, nytenkande og løysningsorientering

Personleg eignaheit vektleggast. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju.

Vi tilbyr:

· Eit spennande og meiningsfylt arbeid i eit triveleg miljø

· Stor grad av tverrfagleg samarbeid

· Gode rammer for fagleg utvikling og kompetanseheving

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Løn etter gjeldande tariffavtale

Vågå kommune kan vera behjelpeleg med å skaffe bolig.

Søknadsfrist: 15.01.2026

Søknader vil bli fortløpande vurdert.

For nærare informasjon kontakt tenesteleiar Liv Olasveen tlf: 99028291/47627394 eller epost: [email protected]

Avdelingsleiar: Vera Testad Midtgard mobil 48897211eller epost: [email protected]

Liv Olasveen

BedriftLiv Olasveen

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt

Subsea Inventor Designer

Ikm Gruppen AS

Stavanger23.1. - 6.2.
Ny