Kyrkjetenar/Kyrkjegardsarbeidar i 100% fast stilling
Om stillingen
Vågå kyrkjelege råd har ledig stilling som KYRKJETENAR/ KYRKJEGARDSARBEIDAR i Vågå sokn.
Du vil ha ei viktig rolle i staben vår, med ei anslått fordeling på 30% kyrkje og 70% kyrkjegard, avhengig av behov og årstider.
Du må like å møte folk i ulike livssituasjonar og samanhengar, og ha evne til å hjelpe og veilede dei besøkjande. Dei som kjem til kyrkja eller kyrkjegarden vår skal oppleve at dei er velkomne, at ein møter dei som kjem med forståelse for det dei står i, anten dei kjem i sorg, undring eller glede.
Du skal ivareta ansvaret for kyrkjerom, inventar og utstyr, samt sørge for at leigetakarar for arrangement overheld retningsliner for bruk av kyrkja. God orden i kyrkja og på kyrkjegarden er viktig.
Arbeidsoppgåver
Sørge for at kyrkja og kyrkjegarden til ei kvar tid er presentabel.
Hovudansvar for praktisk tilrettelegging i forbindelse med kyrkjelege handlingar og anna aktivitet i kyrkja og på kyrkjegarden.
Rapportering.
Ansvar for at brann- og HMS-rutinar blir fulgt. Gjennomføre fastlagte tilsyn og internkontrollar.
Vera del av staben i kyrkja, ved blant anna å delta i møter.
Kvalifikasjonar/krav
Du må pårekne arbeid ettermiddag, kveld og helg - tre sundagar i månaden, enkelte laurdagar i løpet av eit år (bryllup og laurdagsdåp) og ved konsertar (kveld/ helg). Arbeid på sundagar og helligdagar blir kompensert med fridag på vekedagar.
Viktig med gode samarbeidsevner, forståelse for kyrkjas verdiar, vera fleksibel, og ha evne til å kunna jobbe både sjølvstendig og i team.
Erfaring med, interesse for praktisk arbeid, enkle vedlikehalds- og reparasjonsarbeid.
Førarkort klasse BE.
Erfaring med minigraver og traktor, samt maskinførarbevis er ein fordel.
Relevant arbeidserfaring og personleg egnaheit vil bli tillagt stor vekt.
Krav om medlemskap i Den norske kyrkja.
Om stillinga elles:
Ein triveleg arbeidsplass der dei tilsette arbeider for at både kontor og kyrkje skal vera ein god arena for både kyrkjelyden og dei tilsette.
Lønns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk i Hovedorganisasjonen KA.
Pensjonsordning i KLP med 2 % pensjonstrekk.
Før tilsetting skal det leggast fram tilfredsstillande politiattest (jf. KL.§29) og søkjar må vera medlem i Den norske kyrkja.
Tiltredelse: Snarast mogleg eller etter avtale.
Nærare opplysningar kan rettast til leiar i Vågå kyrkjelege råd/Vågå sokneråd, Erik Lillebråten, på mobil 909 71 257.
Søknad med attester og vitnemål skal sendast til: Vågå kyrkjelege råd, postboks 78, 2684 VÅGÅ - E-post: [email protected]
Søknadsfrist: 30. november 2024
Vågå Sokn
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Greenkeepers/Banemedarbeidere
Vågan - Lofoten Golf Links - Publisert 4.12.2024Er du vår nye rigg og tømrerarbeider byggeplass?
Oslo - Peak Services As Avd Bærum - Publisert 4.12.2024kontormedarbeider i en transportfirma
Hamar - A L M Transport AS - Publisert 4.12.2024Elektriker avd Bø og avd Notodden
Notodden - Elektropluss Telemark AS - Publisert 4.12.2024Barnehagemedarbeider søkes til Kleiva naturbarnehage
Sortland - Kleiva Naturbarnehage Sa - Publisert 4.12.2024