Avdeling for patologi, Helse Førde

Kvalitetskoordinator

OmrådeSunnfjord
Publisert12.3.2025
Søk senest26.3.2025

Om stillingen

Har du fokus på kontinuerleg forbetring og eit ønske om å bidra til god diagnostikk og behandling for våre pasientar? Då vil vi høyre frå deg.

Vi har ledig fast stilling som kvalitetskoordinator på Avdeling for patologi.

Avdeling for patologi søkjer ein kvalitetskoordinator med kompetanse og engasjement som vil vere med oss på vidare utvikling ved avdelinga - og som vil vere ein viktig bidragsytar til presis diagnostikk for våre pasientar.

Her arbeider vi tett saman om diagnostikk på vev- og celleprøver. Ein diagnose fra patolog fortel om pasienten har kreft eller andre sjukdommar - og gir eit godt grunnlag for best mogeleg behandling. Vi mottek prøver frå pasientar i dei kliniske avdelingane ved sjukehusa og frå primærhelsetenesta. Som kvalitetskoordinator, får du medverke til eit systematisk godt kvalitetsarbeid i avdelinga, med arbeid innan intern og ekstern revisjon, kvalitetsprosjekt og administrasjon.

Sjå litt frå vår kvardag:  Blimedoss

På avdeling for patologi i Førde har vi eit sosialt og fint miljø, og vi er opptekne av trivsel både på jobb og fritida. Fleire hjå oss er aktive innan ulike aktiviteter slik som klatring/buldring, orientering, kampsport, strikking, løping, kor - og fleire andre sosiale aktivitetar. Vi sørger og for regelmessige lunsjarrangement og felles middag ute i Førde. 

Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus med kliniske avdelingar for indremedisin, kirurgi, ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk, øyre-nase-hals, intensiv og psykiatri. Førde ligg sentralt i tidlegare Sogn og Fjordane, med god tilgang til flott vestlandsnatur. Her er gode moglegheiter for topptur både sommar og vinter, samt kort veg til kyst og båtliv. Førde er eit handelssentrum med eit rikt kulturelt tilbod som strekker seg frå kunst til konsertar.


Arbeidsoppgåver

Som kvalitetskoordinator har ein følgande arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for kvalitets- og forbetringsarbeid ved avdelinga i samarbeid med leiinga ved avdelinga
  • Arbeid med akkrediteringsprosessar, godkjenning og vedlikehald av ISO standardar
  • Handsame og følgje opp avviksmeldingar og klager
  • Planlegge, organisere og gjennomføre interne revisjonar, tilrettelegge for eksterne
  • Delta ved relevante kvalitetsprosjekt
  • Ulike driftsoppgaver ved behov

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitetsnivå, bioingeniørutdanning vert vektlagt.
  • Erfaring frå kvalitetsarbeid, sertifisering, akkreditering og/eller revisjon er ein fordel
  • Erfaring innan sjukehus- og laboratoriedrift er ein fordel
  • Må meistre norsk og engelsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Interesse for kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Trivast i eit tverrfagleg, hektisk, og godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Spennande oppgåver i eit fag med sterk utvikling
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Eit triveleg arbeidsmiljø
  • Opplæring innan akkrediteringstandardar
  • Løn etter kvalifikasjonar i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fjord, fjell og flott natur like utanfor døra
  • Sjukehuset kan bidra med å skaffe bustad

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Tonje Bøyum Riste, Avdelingssjef, +47 91806787

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 4936687526
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.03.2025

Avdeling for patologi, Helse Førde

BedriftAvdeling for patologi, Helse Førde
Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Søk etter flere lignende stillinger