Om stillingen
Har du funne din lidenskap i å løyse datafrustrasjonar, og vil ha eit springbrett inn i Vestlandets største IKT-selskap, så ta kontakt med oss! Vi er eit kundesenter med ein utfordrande og variert base, og tilbyr gylne moglegheiter for konsulentar som vil auke spisskompetansen sin innan 1.linjesupport. Som medarbeidar ved Kundesenteret gir du 1.linje-brukarstøtte til alle PC-brukarar i Helse Vest, i eit miljø drive av resultat og suksessgrad. Førespurnadane kjem inn via telefon, web og e-post. Kundesenteret er ein høgkompetent servicedesk som løyser to av tre oppdrag ved første kontakt, og nyttar ITILs Incident Management Process.
Vi ynskjer både helsepersonell med interesse for IT, så vel som IT-faglege søkarar til desse stillingane, då fyrstehandskjennskap til DIPS er ein stor fordel.
Den fyrste tida i jobben vil gå til grunnleggjande opplæring i vårt kundesenter, med målsetnad om tittelen "superbrukar i DIPS". Med andre ord er det ikkje eit krav om høg datakompetanse, men meir at du trivast i programvara du skal supportere.
Arbeidstid mellom 07:00 - 16:00
Søknadar utan vitnemål vert ikkje vurderte
Arbeidsoppgåver
- 1.linjesupport, betening av førespurnader per telefon, web og e-post
- Feilsøking på utstyr og programvare via fjernstyring
- Dokumentere/logge alle førespurnader i vårt saksbehandlingssystem (Assyst)
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg bakgrunn, og brukarerfaring frå DIPS er sterkt ynskt
- Erfaring frå brukarstøtte/kundekontakt per telefon
- Krav til flytande norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Empati, og evne til å forstå brukaren sine utfordringar
- Problemløysande tilnærming til verda
- Målretta og resultatorientert
- Gode samarbeidsevner, evne til å arbeide i team
- Initiativrik og evne til å arbeide sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner
- Påliteleg
Vi tilbyr
- Eit høgt fokus på personleg og fagleg utvikling
- Fellesskap med motiverte, inkluderande og kunnskapsrike kollegaer
- Eit godt sosialt miljø, med blant anna eigen kaffiklubb og Brettspillklubb
- Gode arbeidsverktøy
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsvilkår
Kontaktinformasjon
Thomas Yrvin, Seksjonsleiar, +47 99558021Silje Lie Solland, Gruppeleder
Arbeidsstad
Bjørnsons gate 295052 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 5040222664
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 31.12.2026

