Om stillingen
Om arbeidsstaden
Kommunalområdet Oppvekst er ei eining med omlag 145 tilsette, og blir leia av kommunalsjefen. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø skule, Selbjørn skule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å legge til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.
Om stillinga
Austevoll kommune har ledig vikariat i 11,5 % mellombels stilling som kulturskulelærar så snart som mogleg. Vikariatet varer til og med 15.06.2025.
Ein ettermiddag per veke, helst torsdag.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Undervisning i musikkstart (grunnopplæring) og song, med barn i alderen 6-15 år.
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
- Spanande utfordringar
- Løn etter kvalifikasjonar, kommunen har eit rekrutteringstillegg for lærarar på 12 300 kroner per år.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Kvalifikasjonskrav
- Pedagogisk og musikkfagleg høgare utdanning
- Internasjonale grader må vere godkjent av NOKUT
Austevoll Kommune
Lignende stillinger
Cabin Crew
Stallmedarbeider / gårdshjelp på hesteavlsgård
Tønsberg - O Søndre - Publisert 27.4.2025Daglig leder/eier av Joker Storgatbakken
Tromsø - Storgatbakken Dagligvarer AS - Publisert 27.4.2025Butikkmedarbeider - Tolvsrød
Tønsberg - Zecond Floor AS - Publisert 27.4.2025Kokk til sommerrestaurant - Villa Lofoten
Vestvågøy - Villa Lofoten AS - Publisert 27.4.2025Vi søker daglig leder til Validé Haugesundregionen