Jobbsafari

Koordinator -  Tungløft

1 måneder siden
OmrådeUlsteinvik
Søk senest30.6.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Vil du jobbe med kranløft og transport i eit engasjert team? 

Ulstein er eit familieeigd selskap som arbeidar innan det maritime området. Vi designar, bygger og leverer løysingar til skip samtidig som vi tilbyr eit breitt spekter av tenester innan ettermarknad. Vi likar å utfordre bransjen og kome opp med løysingar som reduserer miljøavtrykk og gir kundane våre konkurransefortrinn. Verdiane våre –  å engasjere, innovere og avansere –  bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg samarbeidspartnar.

Avdeling Heavy Lift ved Ulstein Verft spelar ei nøkkelrolle når ein skal flytte eller løfte tungt utstyr og seksjonar. Vi leverer krantenester, tungløft og transport med lekter. Ved å kombinere bruken av mobil beltekran som kan løfte opptil 600 tonn, lekter og multiwheeler utfører vi oppdrag både på land og langs norskekysten. 
Heavy Lift har aukande aktivitet og søker derfor etter ein koordinator som ynskjer å utvikle og skape resultat saman med oss. 


Oppgåver du vil jobbe med

Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:

  • Delta ved kranoperasjonar og ballastering av lekter
  • Lage løfte- og fortøyingsarrangement
  • Vedlikehald av utstyr som t.d. kran og lekter
  • Assistere ved kalkulering og sal

Kvalifikasjonar

  • Sertifikat G8 og G13
  • God tverrfagleg forståing for kranoperasjonar og ballastering av lekter
  • God teikningsforståing
  • Erfaring frå skipsbygging og maritim industri vil bli tillagt vekt

Personlege eigenskapar

Mange av oppgåvene som skal løysast krev praktisk og teknisk forståing. Vi er derfor ute etter deg med erfaring frå kranoperasjonar eller anna tilsvarande erfaring. Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene våre i lag. Vi ønsker også ein med gode samarbeidsevner, og god HMS-haldning.

Lagånda står sterkt i Ulstein og saman skal vi hjelpe kvarandre og kundane våre og gjere Ulstein til ein trygg og kjekk arbeidsplass.

Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass

Ulstein Verft byr på varierte arbeidsoppgåver, gode kollegaer og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette.

Kontaktinformasjon

Jostein Sørnes, Section Leader Heavy Lift, +47 99 25 17 05, [email protected]


May Kristin Myklebust, Production Manager, +47 48 21 39 25, [email protected]


Arbeidsstad

Osnesvegen 110


6065 Ulsteinvik


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS



Referansenr.: 4753869592


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 30.06.2024



Ulstein Verft AS

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger