Kontaktperson

Publisert11.11.2025
Søk senest24.11.2025

Om stillingen

Har du lyst til å bidra til gode oppvekstvilkår for barn og unge i Nome og Midt-Telemark kommune?
Er du ein trygg vaksen, god på relasjonsbygging, tillitsskapande og lett å kome i dialog med både barn og vaksne? Dersom du i tillegg trivst i ein hektisk og variert arbeidshverdag, likar kombinasjonen av brukarkontakt og saksbehandling, er kreativ, engasjert og har godt humør – då er det nettopp deg vi ser etter.

For å trivast hos oss må du like å jobbe i team, vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner.

Barnevernstenesta har stort fokus på medverknad frå barn, kvalitet i arbeidet og fagutvikling. Vi er opptekne av tillit, samarbeid og kontinuitet for dei familiane og samarbeidspartnarane som er i kontakt med oss. Dette ser vi på som viktige faktorar for å få til nødvendig og god endringsarbeid.

Nome og Midt-Telemark barnevern er ei felles barnevernsteneste for kommunane Nome og Midt-Telemark. Tenesta held til i Bø og er organisert i to avdelingar, der det vert arbeidd med undersøkingar, tiltak, fosterheim og ettervern. Arbeidsoppgåvene er mange og varierte. Det er for tida 26 tilsette i tenesta.

Nome og Midt-Telemark barnevern kan tilby deg ein meiningsfull og viktig arbeidshverdag, med gode faglege kollegaer og eit godt arbeidsmiljø. Tenesta har stort fokus på fagleg utvikling, både på systemnivå og for den enkelte. Det vert lagt til rette for at alle skal oppleve meistring og få utviklingsmoglegheiter som styrkjer den enkelte og utvidar vår faglege kompetanse.

Nome og Midt-Telemark barnevern satsar på kompetanseutvikling for alle tilsette, både individuelt og på systemnivå, og er ein del av eit læringsnettverk. Der vert det mellom anna arbeidd med kompetanseutvikling innan fosterheimsområdet. Tenesta har også eit ressursteam som ein del av læringsnettverket. Dette består av miljøterapeutar og psykolog.

Tenesta har ledig eit vikariat i 100 % stilling i eitt år, med ønskje om oppstart 01.01.26.


Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling etter Lov om barnevern, i tråd med forskrifter, veiledere, rutiner og avtaler.
  • Saksbehandling- herunder ansvar for framdrift i sak, kvalitet og dokumentasjon.
  • Arbeid i tråd med barneverntenesten sin internkontroll, mål og fokusområder
  • Holde seg fagleg oppdatert
  • Partsrepresentant i barneverns- og helsenemnda
  • Vere bidragsyter i fagleg utviklingsarbeid i tenesten

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar
  • Barnevernspedagog, sosionom eller anna relevant utdanning på minimum bachelor nivå. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for grunn utdanningskrav.
  • Du må ha god muntlig og skriftlig framstillingsevne og kunne takle ein hektisk hverdag.

Ønska kompetanse

  • Relevant vidareutdanning
  • Du må ha evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og strukturert.
  • Gode digitale ferdighetar
  • Ønskelig med erfaring frå barnevernsfeltet

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Barnevernsloven § 12-11. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Førarkort kl. B
  • Fordel å disponere egen bil, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

Tenesten ønsker deg som:

  • Er omstillingsdyktig og fleksibel 
  • Er ein lagspelar til godt arbeidsmiljø, saman med dine kollegaer og dine leiarar
  • Er løysingsorientert og endringsvillig, og trivast med tidvis høgt temp og varierte arbeidsoppgåver.
  • Du må vere opptatt av barns medvirkning og ha holdningar som representerar dette 
  • Du må ha gode samarbeidsevner

Personlig egnethet vil bli vurdert spesielt og utgjer ein sentral faktor for tilsetting.

Vi tilbyr

  • Givande arbeid i eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • God opplæring med fadderordning
  • Spennande og utfordrende arbeidsoppgåver
  • Fleksibel og variert arbeidskvardag
  • Fleire sosiale tiltak for å bygge opp under eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid (kjernetid frå 09.00-14.00)
  • Ein arbeidsstad som er opptatt av fagutvikling
  • Fast veiledning for nytilsette
  • Engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Anne Storhaug, Einingsleiar, +47 91852855

Arbeidssted

Gvarvgata 45
3810 Gvarv

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 5039014390
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.01.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 24.11.2025

Anne Storhaug

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

API Architect

Ponsse AS

Kongsvinger5.12. - 29.12.
Anbefalt

Hertz Tromsø Lufthavn søker en dedikert og serviceinnstilt Customer Sales Representative

The Hertz System, Inc.

Tromsø8.12. - 13.12.
4 dager igjen