Konsulent / spesialkonsulent dokumentasjonsforvaltning
14 dager sidenOm stillingen
Er du nyutdanna og ønskjer ein unik moglegheit til å skaffe oversikt over og erfaring med offentleg forvaltning? Eller har du erfaring med sak- og arkivsystem og ønskjer å jobbe i eit stort fagmiljø?
Dokumentsenteret i Vestland fylkeskommune har no eit ledig vikariat med varigheit ut året ved vår kontorstad på Leikanger. Me søkjer deg som anten har erfaring eller god læringskompetanse, og stor arbeidskapasitet.
Dokumentsenteret har ansvaret for å leggje til rette for at fylkeskommunen dokumenterer sin forvaltning gjennom god journalføring- og arkiveringspraksis. Eininga er i ferd med å samla sitt fagmiljø på Leikanger, og det er planar om å lyse ut faste stillingar ved same kontor i løpet av engasjementsperioden og kan verta aktuelt med forlenging. Ønskjeleg med rask tiltreding.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og journalføring av elektronisk og digital post, samt innskanna fysisk post og anna saksdokumentasjon.
- Støtte sakshandsamarar, samt noko sakshandsaming, innan offentlegheitsvurdering og innsyn.
- Kontroll og utlegging av offentleg journal på eInnsyn.no.
- Brukarstøtte innan fagområdet generelt, og sak- og arkivsystemet spesielt.
- Andre administrative og utviklingsorienterte oppgåver innan einingas ansvarsområde.
- Ved behov; forestå opplæring innan sak- og arkivsystemet Elements.
Kvalifikasjonar
- Relevant erfaring eller utdanning på bachelornivå.
- Ønskjeleg med utdanning innan arkiv, dokument- eller informasjonsforvaltning eller juridiske eller administrative fag.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
- Gode IT-kunnskaper.
Personlege eigenskapar
- Interesse for fagområde og positiv haldning til digitalisering.
- Sjølvstendig, strukturert og lærenæm.
- Stor arbeidskapasitet.
- Serviceinnstilt og evne til å rettleia andre.
- Løysingsorientert og vilje og evne til å samarbeide for å oppnå felles mål.
Vi tilbyr
- Arbeid innan eit fagområde i stor utvikling.
- Samarbeid med fagleg dyktige kollegaer i eit stort fagmiljø.
- Løn etter avtale.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor.
Kontaktinformasjon
Kenneth Stigen Fureli, leiar, 91130261
Arbeidsstad
Askedalen 2
6863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4862767475
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 14.10.2024
Sluttdato: 31.12.2024
Søknadsfrist: 03.10.2024
IDI - Dokumentsenter, Vestland fylkeskommune
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Bli en del av Lumons salgsteam
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 11.9.2024Varmepumpemontør Mosjøen
Mosjøen - Ptg Helgeland AS - Publisert 4.10.2024Helsefagarbeider, natt
Overlege BUP Vest, enhet ungdom
Oslo - Diakonhjemmet Sykehus AS - Publisert 4.10.2024Instruktørtannlege (20 % fast)
Bergen - Universitetet i Bergen - Publisert 4.10.2024