Nina Haveland

Konsulent, i inntil 100% fast stilling

Område

Gulen

Publisert

26.8.2026

Søk senest

20.9.2026

Om stillingen

Hjå oss får du

Ei variert og meiningsfull stilling, der du får ei viktig rolle i den daglege drifta. Du blir del av eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer og tett samarbeid med leiarar og tilsette. Vi tilbyr fleksitid der drifta tillet det, opplæring ved oppstart, høve til fagleg utvikling, samt gode pensjons- og forsikringsordningar. 


Om stillinga 

Gulen kommune har frå 01.01.2027 ledig i inntil 100% fast stilling som konsulent innan pleie- og omsorgstenesta. Stillinga er for tida knytt til sone Eivindvik - Gulen sjukeheim, med kontorstad ved Gulen sjukeheim.

Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim er ei av tolv einingar i kommunen. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande personar i Eivindvik-krinsen, samt til bebuarar på sjukeheimen, som ligg i Eivindvik.


Arbeidsoppgåver 

  • Konsulenten er medansvarleg for at eininga sine administrative mål vert oppfylt
  • Arbeid med turnus/arbeidsplan (Visma ressursstyring); skaffe vikarar og dagleg ajourhald i Visma ressursstyring
  • Fakturabehandling 
  • Innkjøp i e-handel  
  • Bistå einingsleiar ved behov
  • Bidra til god arbeidsflyt
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonskrav 

  • Minimum fagbrev innan kontor- og administrasjonsfag, eller tilsvarande utdanning. Relevant og god erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for manglande utdanning
  • Gode IKT-ferdigheiter 
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • Det er ein fordel å ha erfaring frå tilsvarande oppgåver
  • Ynskjeleg med førarkort klasse B

Personlege eigenskapar 

  • Må vere tydeleg, ansvarsbevisst, stabil, systematisk og fleksibel 
  • Vere sjølvstendig i sitt arbeid og søke kunnskapen ein treng for å utføre arbeidsoppgåvene
  • Stillinga krev at ein føl reglar og retningslinjer og står støtt i avgjersler som vert tatt
  • Må ha gode relasjonelle eigenskapar og samarbeide godt
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Tilbake til toppen

Nina Haveland

Bedrift

Nina Haveland

Søk etter flere lignende stillinger

GulenKontor og økonomi

Lignende stillinger

Servicetekniker til vindindustrien – bli med på det grønne skiftet!

Nordex Finland

Fjaler・5.10. - 2.11.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS