Margit Karin Himle

Økonomikonsulent med ansvar for IT

OmrådeVoss
Publisert26.11.2025
Søk senest31.12.2025

Om stillingen

Tal, teknologi og trivsel – høyrest det ut som deg?

Hjå Økonomisenteret Voss AS får du kombinera interessa di for rekneskap med ansvaret for å utvikla og drifta IT-løysingane våre. Du blir ein nøkkelperson som sikrar både presise rekneskap og effektive digitale prosessar – i eit miljø der fagleg kvalitet og godt samarbeid står i sentrum.

Vert med du og!

Om oss

Økonomisenteret Voss AS er eit lokalt eigd økonomikontor med 18 dyktige medarbeidarar, fordelt på Voss og i Aurland. Me leverer rekneskap, løn og rådgjevingstenester til kundar i mange bransjar, og har eit sterkt fokus på service, fagleg tryggleik og menneskelege verdiar.

Dine oppgåver vil mellom anna vera:

·        Drift og utvikling av kontorets IT-system, inkludert skyløysingar og digitale verktøy

·        Bidra til automatisering og effektivisering av kundens økonomistyring

·        Vere kontaktperson mot enkelte systemleverandørar og sørgja for god datasikkerheit

·        Delta i utvikling av nye digitale tenester og rutinar

·        Delaktig i den løpande oppfylginga av kundars rekneskap, kontroll og rapportering

Me ser for oss at du har:

·        Utdanning og/eller erfaring innan rekneskap, økonomi eller IT

·        God systemforståing og interesse for digitale løysingar

·        Erfaring med bruk av økonomisystem

·        Strukturert og nøyaktig arbeidsmåte

·        Gode samarbeidsevner og ei positiv, løysingsorientert haldning

Hjå oss får du:

·        Ein triveleg arbeidsplass med gode kollegaer

·        Eit miljø der me heiar på kvarandre og deler kunnskap

·        Høg grad av sjølvstende og tillit

·        Moglegheit til å påverka utviklinga av våre IT-løysingar

·        Konkurransedyktige vilkår og fleksibel arbeidstid

Arbeidsstad: Vangsgata, Voss (eventuelt Aurland)

Oppstart: Etter avtale

Søknadsfrist: Vi behandler søknader fortløpende

Vil du vera med og kombinera rekneskap og teknologi i eit framtidsretta fagmiljø? Send oss søknaden din – me gler oss til å høyre frå deg!

Kontaktperson:

Margit Karin Himle

Tlf: 976 54 007

E-post: [email protected]

Margit Karin Himle

BedriftMargit Karin Himle

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt