Om stillingen
Helse Vest IKT er eit av dei største IKT-selskapa på Vestlandet, og leverer løysingar og tenester til sjukehusa på vestlandet. Vi legg vekt på å ha god intern kommunikasjon, godt arbeidsmiljø og høgt kvalifiserte medarbeidarar. Vi har no ledig stilling som Økonomikonsulent i Avdeling for fellestenester. Vi er 15 tilsette i avdelinga, og vi sitter i nye, flotte lokaler sentralt ved begge bybanene på Kronstad.
I rolla som Økonomikonsulent vil du få ei sentral rolle i skjeringspunktet mellom innkjøp og rekneskap, og ha eit tett samarbeid med controllarar, leiarar, innkjøparar, løns- og rekneskapssenteret, og med Sykehusinnkjøp. Du vil vere involvert i hele prosessesen, frå behov og bestilling til leveranse og faktura.
Du vil vere Helse Vest IKT sin representant i regionale fora for innkjøp, kontaktperson for Sykehusinnkjøp, og intern rådgivar ved etablering av nye avtalar.
Arbeidsoppgåver
- Superbrukar i ERP-løysing, SAP
- Oppfølging av faktura og innkjøpsordre
- Handtere fakturaavik
- Veiledning og opplæring
- Oppfølging og analyse innanfor innkjøpsområdet
- Rådgjevar ved inngåing av nye avtalar
- Representere Helse Vest IKT i regionale innkjøpsfora
- Koordinere aktivitet med Sykehusinnkjøp
Kvalifikasjonar
- Økonomiutdanning på bachelornivå
- Rekneskapskompetanse
- Innkjøpskompetanse
- Allsidig økonomierfaring
- Røynsle i bruk av ERP-løysingar er ønskeleg, gjerne SAP
- Gjerne kjennskap til offentlige innkjøp
- Gjerne kjennskap til IT-kontraktar
Personlege eigenskapar
- Du blir sett på som ein sjølvstendig og initiativrik person
- Du arbeider strukturert og nøyaktig
- Du er prosessorientert, engasjert og analytisk
- Du evner å forstå forretningen - sjå heilheita
- Du har gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Oppgåver som understøtter eit samfunnsnyttig oppdrag innanfor helse
- Spennende arbeidsoppgåver og moglegheit til å påvirke innhald
- Gode høve til fagleg og personleg utvikling
- Motiverte og kunnskapsrike kolleger
- Inkluderende og imøtekommende arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar
- Moglegheit for hjemmekontorløysing
Kontaktinformasjon
Leif Nordland, ØkonomisjefArbeidsstad
Bjørnsons gate 305052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 4776626618
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.03.2024
Fellestenester, Helse Vest IKT
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Arbeidsledere, KONE Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 16.4.2025Vi søker lagermedarbeidere
Dør og Porttekniker til KONE Doors - Hamar
Finland - Kone Norway - Publisert 14.4.2025Senior innovasjonsrådgiver - Nordic Innovation
Oslo - Nordisk Rad og Nordisk Ministerrad - Publisert 9.4.2025