Jobbsafari
Time kommune, Samfunn, Plan og forvaltning

Kommuneplanleggar

1 måneder siden
OmrådeBryne
Søk senest17.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Er du vår nye kommuneplanleggar?

Time kommune søkjer ein trygg og motiverande kultur- og relasjonsbygger, med strategiske og analytiske evner og stor gjennomføringskraft til ledig stilling som kommuneplanleggar. 

Stillinga er plassert i verksemd Plan og forvaltning, som består av avdelingane plan, byggesak, landbruk og geodata med totalt 21 årsverk. Stillinga rapporterer til Plan- og forvaltningssjefen.

Spennande arbeidsoppgåver ventar på deg. Du vil arbeida tett saman med offentleg mynde, utbyggar og politisk miljø. Som kommuneplanleggar vil du ha ein sentral rolle i å styra dei langsiktige rammene for å utvikle kommunen og Bryne sentrum.

Bryne er regionsenter for 60 000 innbyggjarar på Jæren i kommunane Klepp, Hå og Time. Saman med aksen Sandnes - Stavanger er Bryne peika på som sentral for urban utvikling og vekst i regionalplan for Jæren og Søre-Ryfylke. 



Arbeidsoppgåver

  • Arbeid med kommuneplanar, både arealdel, samfunnsdel og arealstrategi
  • Utarbeida kommunedelplaner
  • Deltaking i strategisk samfunns- og arealplanlegging
  • Saksførebuing og saksbehandling i politisk utval
  • Medverknad og samarbeid med kommunen sine innbyggarar, utbyggarar, næringsliv og andre interessegrupper, samt andre kommunar og regionale myndigheiter
  • Utarbeide statistikk, analysar, utgreiingar, rapporter innan samfunnsutvikling

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning på masternivå innan arealplanlegging eller tilsvarande, relevant kompetanse kan kompensere for manglande mastergrad. 
  • Det er ønskeleg med erfaring frå offentleg saksbehandling 
  • Det er ønskeleg med erfaring frå statistikk, analysearbeid og prosjektarbeid 
  • Forståing for samspel mellom politikk, administrasjon og fag
  • Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg
  • Personleg eignaheit vil verta vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeid- og kommunikasjonsevner 
  • Trygg, tydeleg og inkluderande
  • Sjølvstendig og intiativrik
  • Utviklingsorientert 

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling med utfordringar og ansvar
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
  • Lønn etter avtale
  • Fleksibel arbeidstid
  • Ordna pensjons- og forsikringsforhold

Kontaktinformasjon

Martin Tengesdal Torstenbø, Plan- og forvaltningssjef, 41555378, [email protected]


Arbeidsstad

Arne Garborgs veg 30


4344 Bryne


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune



Referansenr.: 4771741733


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 17.03.2024



Time kommune, Samfunn, Plan og forvaltning

BedriftTime kommune, Samfunn, Plan og forvaltning
Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger