Bømlo Kommune

Kommunalsjef helse, sosial og omsorg

Område

Bømlo

Publisert

28.2.2026

Søk senest

22.3.2026

Om stillingen

Om stillinga

Vil du ha ei nøkkelrolle i utviklinga av dei viktigaste tenestene i kommunen?

Me søkjer ein strategisk og utviklingsorientert kommunalsjef som vil leia og vidareutvikla helse-, sosial- og omsorgstenestene i Bømlo kommune. Du får eit overordna ansvar for fag, økonomi, leiing og utvikling innan eitt av dei største tenesteområda våre. Samstundes får du ei viktig rolle i å forklara endringsbehov og prioriteringar på ein open og forståeleg måte, i dialog med innbyggjarar og samfunnet rundt oss.

Ansvarsområdet omfattar sentrale helse- og velferdstenester gjennom heile livsløpet, frå heimebasert og institusjonsbasert omsorg til legetenester, psykisk helse og rus, flyktningtenester, Nav, rehabilitering og forvaltning.

Stillinga rapporterer til kommunedirektøren og inngår i kommunedirektøren si leiargruppe.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

22.03.2026

Arbeidsgivar:

Bømlo kommune

Stad:

Bremnes

Stillingstittel:

Kommunalsjef helse, sosial og omsorg

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

5085964562

Sosial deling :

Del på X

Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Leia og vidareutvikla helse-, sosial- og omsorgstenestene
  • Ansvar for strategisk planlegging, tenesteutvikling og god kvalitet
  • Styrka innovasjon, digitalisering og samhandling på tvers
  • Overordna fag- og økonomistyring for heile området
  • Sikra god økonomistyring og oppfølging av planar og vedtak
  • Arbeida tett saman med leiing, tilsette, politisk nivå, innbyggjarar og samarbeidspartnarar
  • Bidra aktivt i leiing og i utviklinga av Bømlo kommune

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, gjerne master
  • Leiarerfaring frå større og komplekse organisasjonar
  • Erfaring frå helse- og omsorgsfeltet i offentleg sektor er eit føremon
  • Erfaring med strategisk leiing, endringsarbeid og økonomistyring
  • God rolleforståing og gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • Du må kunne uttrykka deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Tydeleg, trygg og samlande leiar
  • Kommunisera klart og forståeleg, og om krevjande prioriteringar og endringar
  • Evne til å skapa engasjement og resultat gjennom medverknad
  • Tenkjer langsiktig og jobbar systematisk med utvikling
  • Løysingsorientert og handlekraftig, og i krevjande situasjonar
  • Byggjer tillit og gode relasjonar
  • Har høg integritet

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.

Me tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter avtale
  • Leiarutviklingsprogram
  • Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.

Andre opplysingar

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Kjetil Aga Gjøsæter eller Vanja Espeland.

Adresse: Leirdalen 1, 5430 Bremnes, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Kjetil Aga Gjøsæter

Kommunedirektør

Telefon: 408 63 501

Vanja Espeland

Personal- og organisasjonssjef

Telefon: 480 17 825

Om arbeidsgivaren

Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer ossrause,modigeogengasjertemedarbeidarar.

Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Tilbake til toppen

Bømlo Kommune

Bedrift

Bømlo Kommune

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Bømlo

Lignende stillinger

Kopier – Barona AS søker elektrikere

Barona

Drammen20.4. - inntil videre
Ny
Jobbsafari
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS