Kombinasjonsstilling i heimebasert omsorg - 100 % fast
Om stillingen
Heimebasert omsorg i Lom Kommune har ledig 100% fast kombinasjonsstilling, for tida i praktisk bistand (heimehjelp) og heimesjukepleie. Stillinga er fortrinnsvis for helsefagarbeidar, men ufaglærte med relevant erfaring oppmodast også til å søkje.
Aktuelle arbeidsoppgåver:
? Sikre brukaren praktisk bistand etter vedtak ved å bistå med å dekkje viktige behov den einskilde brukar sjølv ikkje er i stand til å ta i vare for ei kortare eller lenger periode. Dette være seg naudsynt reinhald av opphaldsrom bustad, oppvask / kledevask, handel, ernæringsarbeid, og bistand til personleg hygiene og dusj. Heimehjelpa skal bidra til at brukaren kan greie seg mest mogleg sjølv, trivsel, og bo lengst mogleg i eigen heim.
? Yte naudsynt helsehjelp etter vedtak til brukare med behov for naudsynt helsehjelp for å kunne bo i eigen heim. Helsehjelpa ytes i form av pleie og omsorg, førebyggjande, behandlande og opptrening i forbindelse med sjukdom, skade eller funksjonshemming.
? Nytte journalsystemet Profil / mobil omsorg som eit dageleg arbeidsverktøy til arbeidsplanlegging / utføring av oppgåver, og dokumentasjon.
? Følgje rutinar i avdelingane og bidra til forbetringsarbeid.
Kvalifikasjonar:
? Offentleg godkjent helsefagarbeidar.
? Dersom det ikkje er søkjarar som tilfredsstiller kvalifikasjonskravet, kan søkjarar med anna relevant erfaring eller utdanning bli vurdert. Opplæring vil bli gitt ved behov.
? Vi oppmodar også søkjarar som ikkje allereie har helsefagleg utdanning, men som ynskjer å utføre ein slik utdanning, til å søkje.
? Erfaring frå likande arbeid.
? Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
? Godkjent politiattest.
? Førarkort klasse B.
? Personleg eigenskapar vektleggast for stillinga.
Vi ser etter deg som:
? Er trygg, fleksibel, og motivert.
? Er ansvarsfull, løysingsorientert og beslutningsdyktig.
? Evnar godt å arbeide både sjølvstendig og i team.
? Har gode kommunikasjonsevner.
? Har stor interesse for faget, og brenn for fagutvikling.
? Har endringsvilje og er ein lagspelar.
? Vil vera med å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr:
? 100% fast stilling for tida i praktisk bistand (heimehjelp) og heimesjukepleie frå 24.11.25.
? Arbeidstid etter gjeldande arbeidsplan med fortida dagtidarbeid vekedagar i praktisk bistand (heimehjelp), og arbeid for tida kvar 3. helg i turnus i heimesjukepleia.
? Eit inkluderande, fagleg aktivt og engasjerande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og god takhøgde.
? Ein spennande, sjølvstendig og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver og med moglegheit til å utvikle eigen arbeidsplass.
Andre opplysningar:
? Lønn etter avtale.
? Kommunale tilsetjingsvilkår.
? Ved interne opprykk kan stillingar i andre stillingsbrøkar blir ledige, og tilsetting vil da skje på bakgrunn av søkjarane til denne stillinga.
? Elektronisk søknadsskjema finn du på www.lom.kommune.no.
? Namn på søkjarar vil bli gjort offentleg.
? Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju
? Søknadsfrist: 10.8.25