Jobbsafari
HYS - Avd. Hardanger, Vestland fylkeskommune

Kokk til kantina ved Hardanger produksjonsskule

1 måneder siden
OmrådeUlvik
Søk senest18.3.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

Vestland fylkeskommune har som må å auke gjennomføringa av vidaregåande opplæring. Ei viktig satsing i dette er å få ungdom som har falt ut av vidaregåande opplæring, tilbake til opplæringa. Dette arbeidet skjer i regi av Rettleiingstensta ved oppfyljingstenesta i Vestland fylkeskommune. Eit tiltak for å nå dette målet er produksjonsskule med heildøgnsdrift ved Hardanger produksjonsskule. Målgruppa er ungdom mellom 16 og 21 år som har falt ut av den vidaregåande skulen og som treng ein veg inn igjen.

Gjennom deltaking på skulen skal ungdommen få utdanning og kvalfisering gjennom ein produksjon, lære om arbeidslivet sine spelereglar, få opplæring i grunnleggjande ferdigheitar etter behov og naudsynt rådgiving. 


Arbeidsoppgåver

Me søkjer etter kokk til drift av vårt kantinekjøkken. Du vil ha fullt ansvar for innkjøp og drift av kantinekjøkkenet. Me serverer fire måltid om dagen og har fokus på god, norsk kvalitetsmat til alle måltid. Den som vert tilsett vil arbeide stort sett åleine på kjøkkenet og vil ha ansvar for innkjøp, matproduksjon og reinhald på kjøkkenet. Skulen fyljer skuleåret og det er derfor ein del veker gjennom året utan kantinedrift og då kan det vere aktuelt å supplere med andre oppgåver på skulen. På skulen er det i tillegg til ungdommane ved produksjonsskulen, også fleire klassar på fagskulen og to klassar som tar gartnarutdanning på vaksenopplæring. Alle dei vaksne studentane/elevane går deltid,og det er stort sett alltid ein klasse på skulen kva veke.

Kvalifikasjonar

Me søkjer ein utadvendt, energisk og positiv person med fagbrev innan matfag, primært som kokk/institusjonskokk. Me ynskjer å bruke så mykje av eigenproduserte varer i kantina, frukt, grønsaker, fisk og kjøtt, så kunnskap og interesse knytt til matlaging frå jord til bord er ynskjeleg. 

Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Personlege eigenskapar

Me ynskjer å tilsette ein kokk som kan arbeide sjølvstending, vere kreativ og som bidrar til å fortsatt gjere kantina til den viktigaste møteplassen på skulen for både tilsette, ungdommar, elevar og studentar. Det er derfor viktig å like å arbeide i eit miljø med ungdommar og unge vaksne.

Vi tilbyr

Løn etter fylkeskommunale lønsrutinar

Gode pensjonsordningar

Godt og tett arbeidsmiljø

Kontaktinformasjon

Håkon Gjerde, leiar, 90130193


Baste Bruarøy, leiar, 97196055


Arbeidsstad

Hjeltnesvegen 185


5730 Ulvik


Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4775384486


Stillingsprosent: 100%


Fast


Søknadsfrist: 18.03.2024



HYS - Avd. Hardanger, Vestland fylkeskommune

BedriftHYS - Avd. Hardanger, Vestland fylkeskommune
Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger