Eli Nytun Sæther

Kokk med fagbrev/ assistent

Område

Molde

Publisert

30.9.2026

Søk senest

13.10.2026

Om stillingen

Vi  søkjer nye kollegaer til kjøkkenet vårt ved Sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Vi treng medarbeidarar til både produksjonskjøkkenet og avdelingskjøkkena våre. Det er ønskjeleg med oppstart så snart som mogleg.

Produksjonskjøkkenet produserer mat til pasientar, kafé og kiosk, med stor vekt på eigenproduksjon. Vi leverer òg møtemat og catering til ulike arrangement og føremål. I kaféen finn du eit variert utval av påsmurde produkt, varme og kalde rettar, heimelaga bakst, gåveartiklar, bøker og ulike vekeblad. Vi driftar òg ein sjølvbetent kiosk med smart vareskap som tilbyr eit breitt utval av mat, drikke og kioskvarer.

Opphaldsromma på avdelingane fungerer som små kaféar og tilbyr mellom anna middagar, graut, supper, desserter, brødmat, pålegg og drikke.

Dette er ein travel, men inspirerande arbeidsplass der du får vere med på mange spennande arbeidsoppgåver og bidra til eit viktig tilbod for pasientar, tilsette og besøkjande.

Har du lyst til å bli vår nye kollega? Då håpar vi du søkjer!


Arbeidsoppgåver

  • Matvert - har ansvar for "mini kafe" for pasientane. Bestille mat og drikke på Nutshell. Sluttilberede diettar, imøtekomme og lage enkle rettar etter ønske frå pasientane. Matverten fungerar som kjøkkenet si utstrakte arm og samarbeidar med avdelingspersonalet. Matverten har ansvar for matsikkerheita på avdelingskjøkken/ oppholdsrom
  • Varemottak - kvalitetskontroll av alle varer som vert mottekne, samt sette varer på riktig plass
  • Lager - pakke varer etter bestilling frå alle matvertar, avdelingar, kafe, samt pakke til eksterne lokasjonar. Ansvar for varerullering, kommunisere med produksjonskjøkken/ innkjøpsansvarleg
  • For alle stillingane - andre arbeidsoppgaver må påregnast etter internt behov i seksjonen. Aktivt bruk av seksjonen sitt kvalitetssystem.Bruk av seksjonen sine digitale verkty

Kvalifikasjonar

  • Kokk med fagbrev, men andre utan fagbrev er også velkomne til å søke på stillingane
  • Matvert må ha kunnskap om matlaging og grunnleggande ernæring
  • For stilling i varemottak/ lager må ein vere fysisk sterk
  • Kunnskap/forståing for lagerstyring
  • Må ha svært gode norskkunnskap, både munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

  • Du er ansvarsbevisst og påliteleg
  • Du arbeidar sjølvstendig og strukturert
  • Du er ein god lagspelar
  • Du er positiv til endringar og likar utfordringar
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Du er opptatt av å yte god service
  • Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Kontaktinformasjon

Eli Nytun Sæther, Seksjonsleiar, +47 90250756

Arbeidsstad

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5185036812
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 13.10.2026

Tilbake til toppen

Eli Nytun Sæther

Bedrift

Eli Nytun Sæther

Søk etter flere lignende stillinger

MoldeReiseliv og mat

Lignende stillinger

Servicetekniker til vindindustrien – bli med på det grønne skiftet!

Nordex Finland

Fjaler・5.10. - 2.11.

Chef

Strawberry AS

Kongsberg・16.10. - 14.11.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS