Om stillingen
Om stillinga
Me har ledig stilling som kokk / kjøkenassistent i 21,13% fast stilling frå 01.02.25.
Institusjonskjøken er organisert som ein del av institusjonstenester, i kommunalområde helse og omsorg.
Kjøkenet er lokalisert i første etasje ved Aurland helsetun med nydeleg utsikt ut over fjorden, og har lyse og fine fasilitetar.
Tre årsverk er knytt til kjøkenet. Stillinga har for tida dagarbeid med arbeid kvar tredje helg og har 35,5 timar per veke.
Avdelinga driftar produksjonskjøkenet som leverer måltid til institusjonsavdelingar og heimebuande.
Me legg vekt på god og heimelaga tradisjonsmat.
Arbeids- og ansvarsområde
- tillaging av middag, lunsj og bakevarer frå grunnen av
- handtering av næringsmiddel og IK mat
- bistå avdelingane med tinging av mat
- reinhald av kjøken og kjøkenutstyr
Me tilbyr
- Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- god turnusordning
- ekstra laurdags- og søndagstillegg ( + kr 10 over tariff)
- Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- Gratis inngang til symjehallen
- Hjelper til med å skaffe bustad
- Hjelper til med å skaffe jobb til partnar
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbIKvalifikasjonar
- gode kokekunnskaper
- god kjennskap til IK mat
- erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, gjerne fra institusjon, kantine eller restaurant
- fagbrev som kokk er ein fordel, men ikkje eit krav
Personlege eigenskapar
Me vil at du:
- er serviceinnstilt og fagleg opptatt av mat
- er sjølvstendig og reflektert
- har gode samarbeidsevner
- er positiv og fleksibel
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale
Krav til språk
Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.