Sykkylven Kommune

Kokk 100 % fast stilling

Område

Sykkylven

Publisert

9.4.2026

Søk senest

26.4.2026

Om stillingen

Om stillinga

Sykkylven Bu og aktivitetssenter har ledig 100 % fast stilling som faglært kokk!
Stillinga inneber dagarbeid og jobb 4 kvar helg.

Vi produserar lunsj og middag til bebuarar samt middag til dagsenter og heimebuande. Vi legg vekt på matglede og gode matopplevingar. Maten skal vere god, næringsrik og heimelaga etter kok -server prinsippet.

Som tilsett hos oss vil du saman med ein kollega frå kjøkkenet vere kontaktperson i kjøkkenspørsmål på tildelte avdelingar. Du vidareformidlar tilbakemeldingar på maten, fangar opp behov og ynskjer- og bidreg til god kommunikasjon mellom kjøkken og avdeling.

Vi nyttar kostdataprogrammet Nutshell 365 som arbeidsverktøy. Oppskrifter, menyar og bestillingslister frå avdelingane finn vi der.
Kjøkkenet er også ein arbeidsplass der personar på språk./arbeidstrening og elevar frå vidaregåande får opplæring og erfaring.

Er dette noko for deg eller nokon du kjenner? Då håper vi å høyre frå deg!

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:

26.04.2026

Arbeidsgivar:

Sykkylven kommune

Stad:

SYKKYLVEN

Stillingstittel:

Kokk 100 % fast stilling

Stillingar:

1

Heiltid / Deltid:

Heiltid

Tilsetjingsform:

Fast

Stillingsprosent:

100

Webcruiter-ID:

5105736836

Sosial deling :

Del på X

Del på LinkedIn Del på Facebook Del på e-post

Arbeidsoppgåver

  • Produksjon av varm og kald mat, samt diettar/spesialkost
  • Baking av brød og kaker
  • Pakking av middag til heimebuande
  • Plukking av kolonialvarer frå lager til avdeling
  • Rydding og varehandtering
  • Kontakt med avdelingar, følgje opp og rettleie i kjøkkenspørsmål
  • Reinhald , oppvask og rydding
  • Oppdatere matlister I periodar kunne ta varebestillingar og mottak av varer

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev ernæringskokk/institusjonskokk. Andre fagbrev innafor matfag kan vere aktuelle ved relevant erfaring frå produksjon i institusjonskjøkken.
  • Kunnskap og erfaring med produksjon av spesialkost/diettar.
  • Gode samarbeidsevner, både med kollegaane på kjøkkenet men også med pleiepersonalet.
  • Evne til å jobbe sjølvstendig like godt som i team
  • Tolmodig og trygg i rettleiing av personar som er på språk/arbeidstrening.
  • Grunnleggjande datakunnskap. Det kan vere ein fordel med erfaring frå Nutshell 365
  • Du har med fordel god erfaring frå kok - server produksjon og kok/kjøl produksjon
  • Kunnskap om HACCP og Ik-mat
  • Meistrar norsk godt, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Du har yrkesstoltheit og levera god kvalitet
  • Du er effektiv, nøyaktig, og strukturert
  • Du er omstillingsdyktig, fleksibel og løysningsorientert
  • Tek utfordringar i ein travel kvardag med ro og god vurderingsevne
  • Kreativ, og open for nye idear og måttar å jobbe på. Ikkje redd å føreslå nye ting.
  • Du er ansvarsbevisst og påliteleg - gode haldningar til arbeidslivet.
  • Yte god service , god kvalitet og brenn for dei gode matopplevingane
  • Ikkje redd for å slå av ein matprat med dei som bur og jobbar her.
  • Bidreg positivt for eit godt arbeidsmiljø og god kommunikasjon
  • Personlege eigenskap vil bli lagt vekt på

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Adresse: Haugneset 16, 6230 SYKKYLVEN, Norge

Opne vegbeskriving (i ny fane)

Kontaktinformasjon

Eli Marie Hustad Digernes

avdelingsleiar BUAS kjøkken

Telefon: +4790292029

E-post: [email protected]

Wenche Oldeide

Einingsleiar

Telefon: 90118218

E-post: [email protected]

Om arbeidsgivaren

Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.

Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylvenher
Tilbake til toppen

Sykkylven Kommune

Bedrift

Sykkylven Kommune

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Sykkylven

Lignende stillinger

Shop Manager - Alti Storkaia

Rituals Cosmetics Norway AS

Kristiansund12.5. - 1.6.
Jobbsafari
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS