Om stillingen
Sykkylven Bu og aktivitetssenter har ledig 100 % fast stilling som faglært kokk!
Stillinga inneber dagarbeid og jobb 4 kvar helg.
Vi produserar lunsj og middag til bebuarar samt middag til dagsenter og heimebuande. Vi legg vekt på matglede og gode matopplevingar. Maten skal vere god, næringsrik og heimelaga etter kok -server prinsippet.
Som tilsett hos oss vil du saman med ein kollega frå kjøkkenet vere kontaktperson i kjøkkenspørsmål på tildelte avdelingar. Du vidareformidlar tilbakemeldingar på maten, fangar opp behov og ynskjer- og bidreg til god kommunikasjon mellom kjøkken og avdeling.
Vi nyttar kostdataprogrammet Nutshell 365 som arbeidsverktøy. Oppskrifter, menyar og bestillingslister frå avdelingane finn vi der.
Kjøkkenet er også ein arbeidsplass der personar på språk./arbeidstrening og elevar frå vidaregåande får opplæring og erfaring.
Er dette noko for deg eller nokon du kjenner? Då håper vi å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Produksjon av varm og kald mat, samt diettar/spesialkost
- Baking av brød og kaker
- Pakking av middag til heimebuande
- Plukking av kolonialvarer frå lager til avdeling
- Rydding og varehandtering
- Kontakt med avdelingar, følgje opp og rettleie i kjøkkenspørsmål
- Reinhald , oppvask og rydding
- Oppdatere matlister I periodar kunne ta varebestillingar og mottak av varer
Kvalifikasjonar
- Fagbrev ernæringskokk/institusjonskokk. Andre fagbrev innafor matfag kan vere aktuelle ved relevant erfaring frå produksjon i institusjonskjøkken.
- Kunnskap og erfaring med produksjon av spesialkost/diettar.
- Gode samarbeidsevner, både med kollegaane på kjøkkenet men også med pleiepersonalet.
- Evne til å jobbe sjølvstendig like godt som i team
- Tolmodig og trygg i rettleiing av personar som er på språk/arbeidstrening.
- Grunnleggjande datakunnskap. Det kan vere ein fordel med erfaring frå Nutshell 365
- Du har med fordel god erfaring frå kok - server produksjon og kok/kjøl produksjon
- Kunnskap om HACCP og Ik-mat
- Meistrar norsk godt, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Du har yrkesstoltheit og levera god kvalitet
- Du er effektiv, nøyaktig, og strukturert
- Du er omstillingsdyktig, fleksibel og løysningsorientert
- Tek utfordringar i ein travel kvardag med ro og god vurderingsevne
- Kreativ, og open for nye idear og måttar å jobbe på. Ikkje redd å føreslå nye ting.
- Du er ansvarsbevisst og påliteleg – gode haldningar til arbeidslivet.
- Yte god service , god kvalitet og brenn for dei gode matopplevingane
- Ikkje redd for å slå av ein matprat med dei som bur og jobbar her.
- Bidreg positivt for eit godt arbeidsmiljø og god kommunikasjon
- Personlege eigenskap vil bli lagt vekt på
Vi tilbyr
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Eli Marie Hustad Digernes, avdelingsleiar BUAS kjøkken, +4790292029, [email protected]Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218 , [email protected]
Arbeidsstad
Haugneset 166230 SYKKYLVEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5105736836
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.04.2026
Wenche Oldeide
Bedrift
Wenche Oldeide
