Vaksdal Kommune

Kjøkkenvert - vikariat

Område

Vaksdal

Publisert

18.5.2026

Søk senest

7.6.2026

Om stillingen

Om stillinga

Vaksdal kommune søker no etter ein engasjert kjøkkenvert i 50 % stilling på Jamnetunet Bu- og behandlingssenter. Stillinga er eit vikariat med moglegheit for fast stilling.

Jamnetunet Bu og behandlingssenter held til i eit nytt og topp moderne helsebygg. Stillinga er for tida knytt til bueining og korttidsavdeling med totalt 16 pasientar.

Institusjonen ligg i vakre Vaksdalsbygda, med kort avstand til togstasjon. Det skjer mykje spanande utvikling på Jamnetunet innan. Hjå oss vil du få moglegheita til å bli ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette på heile huset. Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivnad på jobb.

Arbeidsoppgåver

  • Bestilling/innkjøp av matvarer
  • Tilbereding av måltider
  • Handtere allergen og spesialkost
  • Oppvask (maskin og manuelt)
  • Reingjere kjøkken, utstyr og arbeidsflater
  • Kontrollere temperatur, datomerking og lagring
  • Kommunikasjon med pasienter, pårørande og andre besøkande
  • Samarbeid med dialog med øvrige tilsette
  • Andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar

Kvalifikasjonskrav

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Gyldig politiattest
  • Interesse for ernæring og tilbereding av mat
  • Gjerne relevant fagbrev eller formell utdanning, men ikkje eit krav
  • Erfaring frå arbeid i helse- og omsorgssektoren er ein fordel.
  • Gjerne erfaring frå storkjøkken, kantine, institusjonskjøkken.

Personlege eigenskapar

  • God på kommunikasjon og relasjonsbygging
  • Du er påliteleg, open og ærleg
  • Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er kreativ og engasjert
  • Du er serviceinnstilt
  • Du må like å arbeide sjølvstendig
  • Generelt gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vaksdal Kommune kan tilby

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode moglegheitar for støtte til utdanning
  • Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg

Om oss

Vaksdal kommune er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Kommunen ligg sentralt mellom Voss og Bergen, og det er enkelt å reise hit med tog eller bil.

Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt arbeidsmiljø med mange gode kollegaer. Vi arbeider aktivt med innovasjon og digitalisering, og du får store moglegheiter til å påverke di eiga arbeidskvardag.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn og funksjonsevne.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på den offentlege søkarlista, må du grunngi dette. Vi kontaktar deg dersom vi ikkje kan ta ønsket ditt til følge.

Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. § 5-4 i Helse- og omsorgstjenesteloven fremlegges. Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.
Tilbake til toppen

Vaksdal Kommune

Bedrift

Vaksdal Kommune

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Vaksdal

Lignende stillinger

Kundeservicemedarbeider deltid, KONE Oslo

Kone Norway

Oslo17.6. - inntil videre
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS