Renate Finnøy

Kjøkkenvert

Område

Ålesund

Publisert

2.10.2026

Søk senest

16.10.2026

Om stillingen

Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har grunna vakanse ledig 4 stillingar som kjøkkenvert i institusjonsavdelingar. Stillingsprosent er mellom 10-14 prosent, ut frå lengde på arbeidshelg. 
Arbeidsstad er pt. avdeling bufellesskap og sjukeheim. Bufellesskap har 10 plassar for personer med kognitiv svikt og sjukeheim har 8 plassar med korttid og langtidsplassar. Kjøkkenvert stillingane er pt. innplassert i arbeidsplan med arbeid kvar 3. helg.
Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune.

Bufellesskap og sjukeheim er samlokalisert med med dagaktivitetssenter, heimetenester, storkjøkken og andre kommunale tenester på Steinshamn, Harøya. 
Stillingane er knytt til Sandøy omsorgsdistrikt som består av eit lokalsamfunn med fleire øyar, Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse- Nordøyvegen. Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur. Kommunen har verdiane open, engasjert og modig og har fokus på bærekraft i planlegging, gjennomføring og evaluering i tenestene.


Arbeidsoppgåver

  • Oppgåver innanfor måltid og ernæring: tilbreding, servering, opprydding og reinhald i avdelingskjøkken og fellesrom. 
  • Trivselstiltak for bebuarar.
  • Samarbeid med helsepersonell i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg, nivå B2
  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team, og inngå i etabelert arbeidsplan.  

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer arbeidar med interesse for teamarbeid og omsorgsoppgåver
  • Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
  • Vilje til å stå på for gode tenester
  • Bidra til å skape eit trygt og meiningsfylt tilvere for pasientane
  • Du må vere strukturert og løysingsorientert

Vi tilbyr

  • God opplæring
  • Lønn etter tariff
  • Mangfaldig og kreativt arbeidsmiljø
  • Kompetanseheving
  • Gode pensjonsordninger

Kontaktinformasjon

Renate Finnøy, Verksemdsleiar Sandøy, 906 14 079, [email protected]

Arbeidsstad

Austrevegen 15
6296 Harøy

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune

Referansenr.: 5188107663
Stillingsprosent: 10,8%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2026

Tilbake til toppen

Renate Finnøy

Bedrift

Renate Finnøy

Søk etter flere lignende stillinger

ÅlesundReiseliv og mat

Lignende stillinger

Servicetekniker til vindindustrien – bli med på det grønne skiftet!

Nordex Finland

Fjaler・5.10. - 2.11.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS