KI-utviklar – Dataanalytikar
24 dager sidenOm stillingen
Vil du arbeide innan eit av dei mest spennande IT-områda, samstundes som du gjer noko verkeleg samfunnsnyttig? Då vil du passe godt inn i satsinga vår på kunstig intelligens (KI/AI) og maskinlæring (ML).
Helse Vest IKT skal utvide tenesta vår for kunstig intelligens. Dette skal bidra til at befolkninga får best moglege helsetenester, gjennom at helsepersonell får naudsynt og viktig støtte i det daglege arbeidet sitt.
Vi søker no ein KI-utviklar/dataanalytikar som kan utvikle og forvalte modellar for KI-applikasjonar. Du er nysgjerrig på ny KI-programvare og utviklingar, og vil hjelpe andre å finne den beste løysinga på problema deira. Dette er ei moglegheit til å bruke KI til eit godt og meiningsfullt formål.
KI-teamet består i dag av ein dataanalytikar og ein utviklar, og vi har moglegheit til å trekke på ressursar frå det store fagmiljøet vi er del av. Teamet er ein del av seksjonen Utvikling, som består av 50 høgt kvalifiserte utviklarar, dataanalytikarar og UX-arar. Vi utgjer eit sterkt og kompetent miljø som er opptekne av å utvikle løysingar for framtidas helsetenester.
Arbeidsstad er Bergen, Stavanger, Haugesund eller Førde.
Arbeidsoppgåver
- Utvikle og produksjonssette avanserte algoritmar og modellar for KI-applikasjonar.
- Utforske djuplæringsmetodar for tale- og naturleg språkbehandling.
- Analysere store mengder data for å identifisere mønster og trendar.
- Gi råd om KI til ulike forskingsprosjekt.
- Samarbeide med tverrfaglege team om å designe, implementere og produksjonssette KI-løysingar.
- Optimalisere og forbetre eksisterande KI-applikasjonar.
- Utforske ny KI-programvare.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet.
- Solid kunnskap om maskinlæring, djuplæring og/eller statistikk.
- Erfaring med programmeringsspråk som Python eller R.
- Erfaring med databasar som SQL Server.
- Kunnskap om deployment (Docker, RestAPI, etc.) er nyttig, men ikkje naudsynt.
- Kunnskap om heile AI Lifecycle (utvikling, test, deployment, monitorering).
- Evne til å arbeide med store datasett.
- God forståing av dataanalyse og KI-modellar.
- Kunne samarbeide i team og ha gode kommunikasjonsevner.
Personlege eigenskapar
- Kreativ tenking og evne til å utforske nye tilnærmingar.
- Som alle gode utviklarar har du gode logiske og analytiske evner, er løysingsorientert og jobbar strukturert.
- Du er interessert i å halde deg oppdatert innanfor KI og maskinlæring og synest fagleg påfyll er givande.
- Du har eit ønske om å levere det brukarane treng, samstundes som du har fokus på at kvalitet vanlegvis varar lengst.
- Du likar å jobbe sjølvstendig, men set pris på å vere ein del av eit team.
- Du er oppteken av samhald og erkjenner at ein oppnår meir ved godt teamarbeid enn som enkeltindivid.
Vi tilbyr
- Jobb i ein bransje som står overfor store teknologiske løft, med høve til å forme IT-løysingar for framtidas helsevesen.
- Fagleg utvikling gjennom spanande oppgåver, fagdagar og kurs.
- Engasjerte kollegaer.
- Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar.
Vi likar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap. Men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med høve til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillèt det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for ei god balanse mellom jobb og fritid
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Christian Autenried, Teamleiar, +47 90759746
Øyvind Sætrevik, Gruppeleiar, +47 99554337
Arbeidsstad
Bjørnsons gate 29
5052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKT
Referansenr.: 4836061691
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2024
Automatisering og KI, Helse Vest IKT
Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Lignende stillinger
Cabin Crew
Bli en del av Lumons salgsteam
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 11.9.2024Varmepumpemontør Mosjøen
Mosjøen - Ptg Helgeland AS - Publisert 4.10.2024Overlege/LIS lege
Levanger - Alderspsykiatri, Klinikk for psykisk helsevern og rus, Sykehuset Levanger - Publisert 4.10.2024Langvakter på helg
Garnes - Seimshovden bofellesskap, Bergen kommune - Publisert 4.10.2024Sykepleier / Vernepleier / Miljøterapeut / Helsefagarbeider
Sola - Våken nattevakt, Mobilt team, Sola kommune - Publisert 4.10.2024