Ina Kjøstvedt

Kateket

OmrådeValle
Publisert6.2.2026
Søk senest15.2.2026

Om stillingen

Vil du vere med å forme trua og fellesskapet blant unge i Bykle, Valle og Hylestad?
Bykle sokn og Valle og Hylestad sokn har ledig 20 % fast stilling som kateket

Bykle sokn, og Valle og Hylestad sokn søkjer etter ein engasjert, varm og relasjonssterk medarbeidar som vil vere med å utvikle og leie kyrkjeleg undervisning – særleg konfirmantarbeidet vårt. Me ser etter ein person som likar å jobbe tett på ungdom, som trivst i eit team og som kan vere ein trygg vaksen som viser veg i både tru og kvardag.

Stillinga er definert som kateketstilling, men me ynskjer òg søkjarar med anna relevant kyrkjeleg undervisningskompetanse/formalkompetanse.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføra kyrkjeleg undervisning for barn og unge -  med hovudvekt på konfirmantarbeid.
  • Leie  arbeidet med konfirmantar og leirar i samarbeid med soknepresten og andre tilsette
  • Byggje gode relasjonar og samarbeide tett med andre tilsette og friviljuge for å styrkje arbeidet til kyrkja i lokalsamfunnet.

Kvalifikasjoner

  • Utdanning som kateket, eller annan relevant kyrkjeleg undervisningskompetanse/formalkompetanse
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge
  • God evne til å formidle den kristne trua på ein trygg, relevant og inspirerande måte.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Praktiske krav

  • Førarkort klasse B og tilgang på bil
  • Arbeid på kveldstid, i helgar og høgtider må påreknas
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
  • Søkjar må vera medlem av Den norske kyrkja
  • Oppmøtestad for stillinga er i Valle

Personlege eigenskapar

  • Er ein trygg og tydeleg vaksen i møte med barn og unge
  • Ha sterke relasjonelle ferdigheiter og skaper gode møte mellom menneske
  • Evne til å inspirere, engasjere og leie både barn og ungdom, tilsette og friviljuge
  • Har gode samarbeidsevner, er initiativrik og fleksibel
  • Er sjølvstendig, strukturert og ansvarsfull

Me tilbyr

  • Eit meiningsfylt og variert arbeid der du får vere med og prege undervisningstilbodet i to levande sokn
  • Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
  • God høve for personleg og fagleg utvikling
  • Løn og anna vilkår i samsvar med tariffavtale for KA
  • Gode pensjons – og forsikringsordningar gjennom KLP


Kontaktinformasjon

Ingunn Nordmo Sagland, Kyrkjeverje, Valle og Hylestad sokn, 47482359, [email protected]
Toralv Frøysaa Lie, Sokneprest, 92628337, [email protected]
Ina Kjøstvedt, Kyrkjeverje, Bykle sokn, 95275070, [email protected]

Arbeidsstad

Nordibøvegen 139
4747 Valle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Valle kommune

Referansenr.: 5074364236
Stillingsprosent: 20%
Fast
Startdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 15.02.2026

Ina Kjøstvedt

BedriftIna Kjøstvedt

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Hotel or Service Rep | EU Nationals | Work Abroad

Tui Holding AS

Spania3.3. - 2.4.
Anbefalt

Mechanical commissioning engineer

Ikm Gruppen AS

Haugesund7.3. - 31.3.
Ny