Karina Vorland Løvstad

Karriere i Helse Bergen? Vernepleiar og sjukepleiar frå sommaren 2026 ved Psykisk helsevern

OmrådeBergen
Publisert7.11.2025
Søk senest30.11.2025

Om stillingen

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe innan Psykisk helsevern.

Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen har starta arbeidet Program Psykisk helsevern for framtida. Målsettinga er å legge det faglege fundamentet for å kunne gi befolkninga i området eit framtidsretta psykisk helsevern. Vi håpar du vil vere med på reisa vår!

Oppgi i søknaden kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. 

Vi har ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk med oppstart frå sommaren ved: Stillingane har2-delt turnus og 3. kvar helg om ikkje anna er oppgitt

*Avdeling for stemningslidingar , Seksjon S1/ S6 søker sjukepleiar/vernepleiar
*Avdeling spesialisert psykose , Seksjon S3/ S4/ S5 søker sjukepleiar/vernepleiar, 3-delt turnus i sommarperioden
*Psykiatrisk akuttmottak , PAM 1/PAM2 søker sjukepleiar/vernepleiar, noko 3-delt turnus og 2. kvar helg i sommarperioden 
*Avdeling alderspsykiatri , søker sjukepleiar/vernepleiar. Ein kan og få 3-delt turnus eller kun natt i sommarperioden
*Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS) , søker sjukepleiar, 2 delt turnus, i sommar kvar 3. helg. ellers kvar 4 helg

Kandidatar vil bli tilsett i 100% fast stilling ved Psykiatrisk klinikk, pt i sommarturnus ved ein avdeling. Frå hausten 2026 kan stillinga bli ved same avdeling eller ved annan  avdeling i Psykiatrisk klinikk.

Kronstad DPS, Psykose døgn  og Allmenn døgn  har ledig følgande stillingar:

*  100% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg
*  100% sommarvikariat, 2-delt turnus og 3. kvar helg. Ein kan og få 3-delt turnus eller kun natt. For desse stillingane kan ein få vidare fast stilling i Bemanningssenteret i føretaket.


For følgande stillingar vil det vere sommarvikariat ved avdeling og ein kan få vidare fast stilling i Bemanningssenter i føretaket frå hausten.

*   Lokal sikkerheitspost(LS) søker sjukepleiar/vernepleiar, 2-delt turnus og 3. kvar helg. Krav om Politiattest, jfr psykisk helsevernloven § 4A-7 andre ledd

Oppstart i stillinga vil vere frå Juni eller etter nærare avtale med avdelinga. Du må kunne arbeide minimum 4-6 veker samanhengande i perioden veke 24/25 - 32/33. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet. 

For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.


Kvalifikasjonar (overskrift)

Her kan du lese meir om Psykisk helsevernHer kan du lese meir om Bemanningssenteret i føretaket

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten

Kvalifikasjonar

  • Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar etter endt utdanning
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, [email protected]

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5038277246
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2025

Karina Vorland Løvstad

BedriftKarina Vorland Løvstad

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

API Architect

Ponsse AS

Kongsvinger5.12. - 29.12.
Anbefalt