Firdaposten AS

Journalist (prosjektstilling) med ansvar for Måløy

Område

Florø

Publisert

14.9.2026

Søk senest

9.10.2026

Om stillingen

Firdaposten søkjer

Journalist (prosjektstilling) med ansvar for Måløy

Firdaposten utvidar redaksjonen. Vi ønskjer å styrke dekninga av heile Kinn kommune med ei prosjektstilling på fulltid. Seks år har gått sidan kommunereforma der Flora og Vågsøy blei til Kinn kommune, og tida er no komen for at Firdaposten dekkjer heile Kinn kommune, inkludert dei nordlege delane.

Vi ser etter ein journalist som trivest like godt i kommunestyresalen som ute blant folk på festival. Du må brenne å gi lesarane dei spennande nyheitene først - og du må heller ikkje vere redd for å ta tak i dei vanskelege sakene i lokalmiljøet.

Har du god lokalkunnskap om området du skal dekke, så er det ein fordel, men ikkje noko absolutt krav. Det same gjeld med omsyn til relevant utdanning og journalistisk erfaring.

Viss du er den rette for jobben, vil du få stor fridom til å utforme innhaldet i stillinga di sjølv. Det gjeld også med omsyn til fysisk arbeidsstad og arbeidstid.

Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast. Prosjektstillinga vil vare i 12 månader, med moglegheit for forlenging. Vi tilbyr konkurransedyktig løn.

Har du spørsmål til stillinga eller lyst til å slå av ein uformell prat og få meir informasjon, kan du kontakte redaktør og dagleg leiar Svend Arne Vee på telefon 908 47 465 for ein uforpliktande prat.

Søknadsfrist 2. oktober.
Tilbake til toppen

Firdaposten AS

Bedrift

Firdaposten AS

Søk etter flere lignende stillinger

Florø

Lignende stillinger

Servicetekniker til vindindustrien – bli med på det grønne skiftet!

Nordex Finland

Fjaler・5.10. - 2.11.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS