Jordbruksrådgjevar

OmrådeBygland
Publisert29.9.2025
Søk senest20.10.2025

Om stillingen

Kommunalområde Samfunn i Bygland kommune består av totalt 20 årsverk og har ansvar for næring, byggesak, plan, teknisk, landbruk (jord og skog) og prosjektgjennomføring , samt ei driftsavdeling som består av vedlikehald og reinhald.

Samfunnsavdelinga er nyleg omorganisert og vi er nå opptatt av og jobbe teambasert og på tvers av fagområda. Du må trivast med utfordringar og ansvar, vere lærevillig og ha god arbeidskapasitet. Vi har ikkje store fagmiljø og vi er avhengig av at alle er med og tek tak der det trengs. Til gjengjeld vil du få mange interessant arbeidsoppgåver, dyktige kollegaer og moglegheit til å gjere meiningsfulle oppgåver som betyr mykje for våre innbyggarar.

Bygland kommune søkjer no ein fagleg sterk og serviceinnstilt medarbeidar til stilling som jordbruksrådgjevar.

Vi tilbyr:

  • Ei variert og meiningsfull stilling med stor kontaktflate.
  • Moglegheit til å påverke utviklinga i ein kommune med sterke natur- og landbrukstradisjonar
  • Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale og i tråd med gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår


Arbeidsoppgaver

  • Sakshandsaming etter jordlova, konsesjonslova og anna relevant regelverk
  • Sakshandsaming knytt til økonomiske verkemiddel i jordbruket
  • Rettleiing og utadretta arbeid

Kvalifikasjoner

  • Høgare utdanning innan landbruksfag eller naturforvaltning frå universitet eller høgskule
  • Kjennskap til offentleg forvaltning og gjeldande regelverk
  • Gode kommunikasjonsevner og serviceinnstilling
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Førarkort klasse B

Personlige egenskaper

  • Systematisk, strukturert og ryddig
  • Fagleg engasjert og opptatt av kvalitet
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt

Kontaktinformasjon

Aslak Jørundland Brekke, Kommunalsjef, +4791693675

Arbeidssted

Sentrum 18
4745 Bygland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bygland Kommune

Referansenr.: 5021373544
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 20.10.2025

Aslak Jørundland Brekke

BedriftAslak Jørundland Brekke
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai31.10. - 30.11.
Anbefalt