Jobb i helse og omsorg - open søknad

OmrådeKvam
Publisert1.1.2025
Søk senest30.12.2025

Om stillingen

Vil du jobba med menneske?

I pleie og omsorgstenesta har me eit kontinuerleg behov for vikarar. Vil du ha ein meiningsfull jobb - søk jobb hos oss.

Denne annonsa gjeld open søknad og søknad om arbeid som tilkallingsvikar/ekstrahjelp/matvert i helse og omsorg. Søknaden din vil gjelda fram til søknadsfrist 31.12.2025. Er du interessert i arbeid etter søknadsfristen, må du søkja på nytt.

Leiarane i pleie og omsorg har til ei kvar tid oversikt over søkjarane til denne annonsa og vil ta kontakt med deg for samtale dersom du er aktuell for vikararbeid. 

Vil du vita meir om dei ulike avdelingane i helse og omsorg og kva tenester me gjev - gå inn på heimesida vår kvam.no/tenester/helse-og-omsorg/


Arbeidsoppgåver

  • Praktisk hjelp og pleie til bebuarar i institusjon eller eigne heimar
  • Miljøarbeid
  • Matvertar: Førebu, laga til, servera og delta i måltida  

Du kan jobba som: 

  • Sjukepleiar/sjukepleiarstudent
  • Vernepleiar/vernepleiarstudent
  • Helsefagarbeidar
  • Pleiemedarbeidar
  • Matvert - passar også for ungdomar 16-18 år

    Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova (gjeld ikkje matvertar) skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden. 
    Ber om at du legg inn vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.

Personlege eigenskapar

Du er:

  • Interessert i omsorgsarbeid og glad i å hjelpa andre
  • Serviceinnstilt og engasjert
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Raus og inkluderande
  • Møter andre på ein respektfull og open måte

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
  • Opplæring vert gitt 
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

    Generell informasjon:
    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Kontaktinformasjon

Siw Waage Solvåg, Leiar for heildøgns omsorg, 992 74 317
Kjersti Hanssen, Leiar Tenester til heimebuande, 482 08 990
Kjersti Soldal, Leiar for tenester til menneske med utviklingshemming, 948 86 215
Anne Vestrheim, Personalkonsulent, +47 56 55 30 34

Arbeidsstad


5600 Norheimsund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 4900537086
Stillingsprosent: 100, 50%
Vikar

Barona Norway

Søk etter flere lignende stillinger