Jobbsafari
Helse og omsorg

Jobb i helse og omsorg - open søknad

3 måneder siden
OmrådeNorheimsund
Søk senest31.12.2024
JobbdetaljerVikariat
Søk på jobb

Om stillingen

Vil du jobba med menneske?

I pleie og omsorgstenesta har me eit kontinuerleg behov for vikarar. Vil du ha ein meiningsfull jobb - søk jobb hos oss.

Denne annonsa gjeld open søknad og søknad om arbeid som tilkallingsvikar/ekstrahjelp i helse og omsorg. Søknaden din vil gjelda fram til søknadsfrist 31.12.2024. Er du interessert i arbeid etter søknadsfristen, må du søkja på nytt.

Leiarane i pleie og omsorg har til ei kvar tid oversikt over søkjarane til denne annonsa og vil ta kontakt med deg for samtale dersom du er aktuell for vikararbeid. 

Vil du vita meir om dei ulike avdelingane i helse og omsorg og kva tenester me gjev - gå inn på heimesida vår kvam.no/tenester/helse-og-omsorg/


Arbeidsoppgåver

  • Praktisk hjelp og pleie til bebuarar i institusjon eller eigne heimar
  • Miljøarbeid

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar/sjukepleiarstudent
  • Vernepleiar/vernepleiarstudent
  • Helsefagarbeidar
  • Pleiemedarbeidar
  • Du må ha fylt 18 år
  • Du har interesse for omsorgsarbeid

    Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
    Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar.

Personlege eigenskapar

Du er:

  • Serviceinnstilt og engasjert
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Raus og inkluderande
  • Møter andre på ein respektfull og open måte
  • Glad i å hjelpa andre

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer i eit godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
  • Opplæring vert gitt 
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

    Generell informasjon:
    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Kontaktinformasjon

Siw Waage Solvåg, Leiar for heildøgns omsorg, 992 74 317


Kjersti Hanssen, Leiar Tenester til heimebuande, 482 08 990


Kjersti Soldal, Leiar for tenester til menneske med utviklingshemming, 948 86 215


Anne Vestrheim, Personalkonsulent, +47 56 55 30 34


Arbeidsstad



Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad



Referansenr.: 4745678950


Stillingsprosent: 50, 100%


Vikar



Helse og omsorg

BedriftHelse og omsorg
Om bedriften

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva «bygda med bypuls», handlegate, strandveg og bystrand.  Les meir

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger