Willy Nordpoll

IT konsulent Nordfjordnett

OmrådeKinn
Publisert28.11.2025
Søk senest15.12.2025

Om stillingen

Ønsker du nye utfordringar i IT bransjen? Nordfjordnett er på jakt etter ein IT konsulent som brenn for IT, og som ønsker å levere dei sikraste, smartaste og mest stabile løysingane til kommunane våre i Nordfjord.

På avdelinga vår Server og applikasjon driftar vi serverar, fagsystem, integrasjonar, IKT utstyr og tek i vare sikkerheita i løysingane for kommunane Bremanger, Gloppen, Kinn, Stad og Stryn. Avdelinga er også sentral i digitaliseringa av kommunane og deltek i ein rekke prosjekt. Server og applikasjon er ei av tre avdelingar på driftssenteret som er plassert i Deknepollen. Samarbeidet omfattar også ei strategisk eining for digitalisering og utvikling som er lokalisert på Nordfjordeid.

Nordfjordnett har hovudkontor i Deknepollen ved Måløy. Kinn kommune vil ha det formelle arbeidsgjevaransvaret.

Arbeidsoppgåver

  • Implementering, drift og vedlikehald av IT system og IT utstyr
  • Teknisk rådgjeving 
  • Vere ein ressursperson i teamet på fleire av våre tenester, og bidra aktivt til kompetansedeling internt

Kvalifikasjonar

Vi søkjer etter deg som har lang erfaring frå eitt eller fleire av desse områda: 

  • Microsoft 365-plattformen, MS Entra ID, Sharepoint og Teams
  • IT-sikkerheit
  • Drift av kommunale fagsystem (sak/arkiv, helse/lege) 
  • Sentralisert drift, operativsystem, plattformer og enheter (PC, mobil, nettbrett)
  • Prosjektarbeid og prosjektkoordinering

Du må ha:

  • Høgare relevant utdanning på bachelornivå. Særleg relevant erfaring kan kompensere for kravet til utdanning 
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B 

Personlege eigenskapar

  • Du må ha gode analytiske evner og ei genuin interesse for IT og teknologi
  • Du er ansvarsbevisst med fokus på sikkerheit og kvalitet 
  • Du er omgjengeleg, har godt humør og er serviceinnstilt
  • Du jobbar godt i team, men også sjølvstendig
  • Du er omstillingsdyktig og endringsorientert  

Vi tilbyr

Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Eit godt arbeidsmiljø der det blir lagt vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
God opplæring og jamlege fagøkter
Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei verksemd med høg aktivitet

Kontaktinformasjon

Willy Nordpoll, Dagleg leiar, +47 975 19 520
Anne Ruth Botn Bjørlo, Assisterande dagleg leiar, +47 918 09 077

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 5045655085
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2025

Willy Nordpoll

BedriftWilly Nordpoll

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.12. - 31.1.
Anbefalt