Interessert i sommarjobb på Barstadtun eller Fjordsyn omsorgsbustad?
Om stillingen
Vi søker etter deg som har lyst på ein meiningsfull sommarjobb!
I tidsrommet 23.juni til 17. august kan vi tilby deg inntil 100 % stilling som ferievikar ved Barstadtun eller Fjordsyn omsorgsbustadar for eldre. Barstadtun har 25 hyblar/ leiligheiter fordelt på tre bugrupper. På Fjordsyn bur det 32 personar fordelt på tre bugrupper.
Vi ber deg skrive i søknaden litt om deg sjølv, når i perioden du kan arbeide og om du har særskilt ynskje om arbeidsstad.
For studentar innan sjukepleie, vernepleie og medisin, kan kommunen tilby stipend på 10.000 kr per år. For meir informasjon om vilkår og søknadsskjema, sjå lenke: https://www.volda.kommune.no/aktuelt/stipend-for-helsefagstudentar-i-volda-kommune.170184.aspx
Søkjarar som kan arbeide heile perioden vert prioriterte.
Arbeidsoppgåver
Dei fleste bebuarane treng bistand til mange av dagleglivets gjeremål, slik som personleg hygiene, praktisk bistand, hjelp til måltider med meir. Vi treng flest vikarar som kan gå inn i turnus med pleiearbeid, og vi treng nokre som kan utføre reinhald.
Det er arbeid i ulike stillingsprosentar i turnus, det er høve til å arbeide dag, kveld, natt og helg.
Kvalifikasjonar
- Vi treng både sjukepleiarar, fagarbeidarar og assistentar som har interesse for og evne til å arbeide i eldreomsorga
- Søkjarar bør ha fylt 18 år og må ha gyldig arbeids- og oppholdsløyve
- Søkjarar må meistre flytande norsk munnleg og skriftleg
- Relevant praksis er ynskjeleg
- Det vert stilt krav om politiattest for alle som tek til i jobb i kommunal helse- og omsorgsteneste. Jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Personlege eigenskapar
Våre ferievikarar må:
- Ta ansvar
- Ha gode samarbeidsevner og fremme delingskultur
- Vere strukturert, fleksibel og kan jobbe sjølvstendig
- Vere engasjert, ha godt humør og bidra til eit positivt fellesskap
- Vere løysingsorientert og ha gode haldningar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Vi legg også vekt på lojalitet til Volda kommune sine verdiar: RAUS - MODIG - KOMPETENT - LÆRANDE.
Vi tilbyr
Som ferievikar hos oss får du ein variert arbeidsdag i lag med mange kjekke medarbeidarar! Du får møte mange nye menneske og får med deg ei god erfaring vidare i arbeidslivet.
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Tilsetjing skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Vi ber om at søkjarar oppgir namn og kontaktinformasjon til referansar i søknaden.
I tillegg til stipendordning tilbyr Volda kommunen fylgjande lønsnivå til studentar innan helse- og sosialfag og medisin:
- Sjukepleie- sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 85% av løn høgskuleutdanna - ferdig med 1 år (60 stp*)
- Sjukepleie-, sosionom-, barnevern- og vernepleiestudent utan autorisasjon: 90 % av løn høgskuleutdanna - ferdig med 2 og 3 år (120 og 180 stp*)
- Medisinstudentar - ferdig med 2 år (120 stp*) løn som 1 års sjukepleierstudent
- Medisinstudentar - ferdig med 4 år (240 stp*) løn som 2 års sjukepleierstudent
* For å få utbetalt denne løna må dokumentasjon på fullført studieår vere innlevert innan utgangen av engasjementet.
Tilsettingar vert gjort fortløpande.
Kontaktinformasjon
Kirsti Liabø, Seksjonsleiar, +47 94 14 25 15, [email protected]Lill Kristin Vassbotn, seksjonsleiar, +47 41 40 00 27, [email protected]
Anita Kristiansen, Avdelingsleiar, +47 90 03 24 32, [email protected]
Arbeidsstad
Dalsfjordvegen 42356120 Folkestad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4897268504
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 31.03.2025
Volda kommune, Heimeteneste
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Distriktsselger, Lumon Norge AS, Oslo
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 21.3.2025Bli en del av Lumons salgsteam
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 13.3.2025Fleksibelt deltidsjobb for kodegjennomgang av AI
Oslo - Outlier Ai - Publisert 13.3.2025Fleksibelt deltidsjobb innen anvendt matematikk
Oslo - Outlier Ai - Publisert 13.3.2025Montør, Lumon Norge AS
Oslo - Lumon Norge AS - Publisert 12.3.2025