Svanhild Sangolt Foldnes

Intensivsjukepleiar – Postoperativ Glasblokkene

Område

Bergen

Publisert

6.5.2026

Søk senest

21.5.2026

Om stillingen

Postoperativ Glasblokkene er ein del av kirurgisk serviceklinikk (KSK), som er ein av dei større klinikkane ved Haukeland universitetssjukehus. KSK har medansvar for varierte og høgspesialiserte tenester knytt til akuttmedisin, intensivmedisin og operasjonsverksemd, samt smerte behandling og palliasjon. Klinikken har stor undervisnings- og forskingsaktivitet. KSK er delt i fleire avdelingar, der ei av avdelingane er Intensive- og postoperativ avdeling (IPA) med fire seksjonar. Kvar seksjon er leia av ein seksjonsleiar med personal- og resultatansvar. 

Postoperativ Glasblokkene er ei relativ ny seksjon ved Haukeland universitetssjukehus. Sidan oppstart i november 2023 har vi bygd opp eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, stort engasjement og tett samarbeid på tvers av fag og profesjonar. No ønsker vi fleire dyktige intensivsjukepleiarar med på laget. 

Hos oss får du vere med i vidareutviklinga av ei moderne postoperativ eining – i splitter nye lokale, med varierte pasientforløp og godt kollegialt fellesskap. 

Kven er vi? 
Postoperativ Glasblokkene er ein del av Intensiv- og postoperativ avdeling i Kirurgisk serviceklinikk (KSK). Vi yter postoperativ overvaking og sjukepleie innan mellom anna: 

  • gynekologi og obstetrikk 
  • barnekirurgi 
  • endokrinologi 
  • augekirurgi 

Vi er lokaliserte i Glasblokkene over to etasjar: 

  • U2 – hovudsakleg vaksne pasientar (døgn drift) 
  • U1 – hovudsakleg barn (mandag til fredag kl. 08-18) 

I tillegg har vi driftsansvar for postoperativ overvaking i Augebygget og eit etablert kirurgisk mottak for både dag- og heildøgnskirurgi. 

Kvifor velje oss? 
Hos oss får du: 
✅ vere med og forme ein ny seksjon frå grunnen av 
✅ arbeide i eit sterkt, inkluderande og tverrfagleg fagmiljø 
✅ variert klinisk kvardag og brei fagleg erfaring 
✅ tydelig fokus på opplæring, fagutvikling, undervisning og forsking 
✅ kollegaer som støttar kvarandre – også når det er travelt 

Vi legg stor vekt på tryggleik, kvalitet og omsorg – for både pasientar og medarbeidarar. 


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for overvaking, pre- og postoperativ sjukepleie til pasientar 
  • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald på avdelinga  
  • Gje god omsorg for pasient og pårørande  
  • Delta i opplæring av studentar og nytilsette
  • Bidra til i forbetringsarbeid og forsking i avdelinga 
  • Bidra med undervisning og opplæring knytta til våre samarbeidende klinikkar 
  • Aktuelle søkere må på berekne ein tredelt turnus.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon og vidareutdanning innan intensivsjukepleie 
  • Relevant klinisk praksis som intensivsjukepleiar
  • Kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr er viktig, og kunnskap innen IKT-system (særlig Teams) er ein fordel 
  • Gode kunnskaper og erfaring relatert til respiratorbehandling og utstyr vil være en fordel
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg godt    
  • Kunnskapsbasert utdanning og mastergrad kan vere ein fordel 

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar vil bil vektlagt 
  • Du er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst 
  • Du er samarbeidsvillig, fleksibel, har gode kommunikasjonsevner og likar å jobbe i tverrfagleg team 
  • Du er tilpassingsdyktig, har god organisasjonsforståing og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø 
  • Du har evne til å arbeide målretta, og få oppgåvene gjort 
  • Du likar å undervise enkeltvis og i gruppe 
  • Du beheld roen og evnar å prioritere i stressande situasjonar 
  • Du bidrar positivt til ditt fagleg og kollegiale godt miljø 

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass der ein ser og oppmuntrar kvarandre, med engasjerte, stolte og fleksible 
    medarbeidarar 
  • Å arbeide saman i eit tverrfagleg miljø, med høg effektivitet og kvalitet 
  • Eit variert pasientgrunnlag og god breiddekunnskap 
  • Å legge til rette for gode opplæringsvilkår for nytilsette og fagleg utvikling 
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Svanhild Sangolt Foldnes, Seksjonsleiar, 47515846, [email protected]

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5121462634
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.05.2026

Tilbake til toppen

Svanhild Sangolt Foldnes

Bedrift

Svanhild Sangolt Foldnes

Søk etter flere lignende stillinger

BergenHelse og sosial

Lignende stillinger

HSSE Manager

Ikm Gruppen AS

Stavanger7.5. - 10.5.
Ny3 dager igjen
Jobbsafari
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS