Jobbsafari
Verksemdsutvikling, Helse Vest IKT

Integrasjonssenteret søker tekniske prosjektleiarar!

OmrådeBergen
Publisert4.3.2024
Søk senest17.3.2024

Om stillingen

Har du teke i bruk dei digitale tenestene på helsenorge.no? Har fastlegen din sendt tilvising eller tatt i mot prøvesvar digitalt frå sjukehuset? Eller kanskje du har sjekka inn digitalt og betalt med VIPPS på sjukehuset? Då har du sett resultatet av nokre av dei mange integrasjonsløysingane vi har ansvar for!

Bli med i eit høgt kompetent fagmiljø!

Integrasjonssenteret med sine 37 dyktige tilsette utgjer eit av dei største og mest unike integrasjonsmiljøa i Noreg. Målet vårt er at informasjonsflyt mellom fagsystem i sjukehusa og dei ulike samhandlingspartane i sektoren fungerer optimalt. I hjartet av denne flyten ligg gode integrasjonsløysingar. Tilgang til kritiske og sensitive helsedata for 1,2 millionar innbyggarar på ein enkel, men samstundes trygg og effektiv måte, har aldri vore viktigare. Kvar dag blir fleire millionar meldingar og spørjingar sende og mottekne i samband med pasientforlaup. Kvar enkelt av desse kan vere forskjellen på liv og død.
Vi jobbar tett saman, med stor takhøgde, ein god porsjon humor og ei imponerande fagleg breidde.

Om stillinga

Som teknisk prosjektleiar integrasjon vil du vere eit koordinerande bindeledd mellom mange interessentar og bidragsytarar.
Integrasjonsløysingar er multidimensjonale då dei ofte går på tvers av forretningsområde, IKT-system og tenesteleverandørar.
Du må evne å lytte til og oppfatte behov, samt evne å skape samhald og god dialog med alle interessentar i leveransane.
Du må vere dyktig til å forankre avgjersler på tvers av ulike avgjersletakarar, og smidig leie utviklinga av løysingane når upårekna forhold dukkar opp.

Vi ser etter nokon med erfaring og kunnskap om metodar innan prosjekt/-utviklingsarbeid, som reduserer tida frå brukarbehov oppstår til løysing er på plass.
Gode brukaropplevingar er ei viktig målsetting i våre løysingar.



Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og følgje opp behovkartlegging, utvikling, test og leveranse av systemintegrasjonsløysingar
  • Koordinere arbeid mellom Integrasjonssenteret og andre interne og eksterne partar
  • Utarbeiding av førespurnader, samt forhandle fram og inngå integrasjonskontraktar med eksterne leverandørar
  • Delta i prosjektleiarteamet, med fokus på kompetansedeling, agil arbeidsmetodikk og arbeidsprosessar

Kvalifikasjonar

  • Fordel med erfaring som teknisk prosjektleiar
  • Evne til å sørgje for ein god dialog med relevante ressursar hos føretak, leverandør og teknisk personell
  • Evne til å raskt sette seg inn i og forstå forretningssida
  • God kjennskap til agil prosjektmetodikk og sertifisering innanfor Prince2 er ein føremon
  • Bakgrunn innan eller røynsle med programvareutvikling er ein føremon
  • Relevant praksis/erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning

Personlege eigenskapar

Du kjenner deg sjølv att i følgjande kvalitetar:

  • Er ryddig og resultatorientert
  • Er målbevisst og oppteken av kvalitet i leveransane
  • Har evne til å handtere mange ballar i lufta på ein gong
  • Har gode relasjonelle eigenskapar og er ein lagspelar
  • Snakkar godt med alle typar menneske, uavhengig av stilling eller rolle
  • Har god evne til å formulere deg på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg

Vi tilbyr

Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du høve til å jobbe i eit unikt miljø i ein banebrytande bransje.

  • Eit engasjerande, uformelt og sosialt arbeidsmiljø der tilsette trivst og blir
  • Meiningsfullt og samfunnsnyttig arbeid som bidreg til å forenkle pasientbehandlinga på Vestlandet
  • Gode høve til fagleg utvikling blant dyktige og motiverte kollegaer
  • Løn etter avtale
  • Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar

Vi elskar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtast fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap, og for å fylle den sosiale koppen. Men vi forstår at mange ønskjer seg ein hybrid kvardag, med høve til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor når arbeidsoppgåvene tillèt det, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for ein god balanse mellom jobb og fritid.  

Kontaktinformasjon

Steinar Aslaksen Hamre, Seksjonsleiar, +47 91356369

Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29
5052 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 4775064420
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.03.2024

Verksemdsutvikling, Helse Vest IKT

BedriftVerksemdsutvikling, Helse Vest IKT
Om bedriftenHelse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.

Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Søk etter flere lignende stillinger