Instruktør helse Instruktør maritim Sikkerheitssenteret i Måløy
Om stillingen
Bli vår nye helse- eller maritime instruktør og delta aktivt i drift og utvikling av eit av dei største kurssentra i Vestland fylke. Vi søker etter dyktige og erfarne instruktørar innan helse og maritime fag som trivst med eit vidt spekter av arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar. I stillinga vil du få ei kombinert rolle med ansvar for opplæring i ditt fagområde, bidra innan andre fagområde, samt ulike arbeidsoppgåver innan drift og utvikling. Du vil få utfordringar både ved kontorpulten, i klasserommet og ute i felt ved gjennomføring av praktiske øvingar.
Høyrest dette spennande ut? Vi ønsker deg med på laget!
Sikkerheitssenteret i Måløy tilbyr eit omfattande kurstilbod innan sikkerheitsopplæring og andre maritime kurs for personell til skipsfart, fiskeri- og havbruksnæring. Våre kundar er sjøfolk, skipsoffiserar og personar under utdanning.
Sikkerheitssenteret i Måløy er ei avdeling ved Måløy vidaregåande skule. Vi er godkjend av Sjøfartsdirektoratet til å avvikle STCW-kurs, og er sertifisert og godkjend av DNV som maritimt treningssenter.
Stilligane er ledige, og det er ønskeleg med snarleg oppstart.
Besøk gjerne våre heimesider:
https://www.simsafety.no/
https://www.maloy.vgs.no/
Arbeidsoppgåver
Instruktør og fagansvarleg for ditt fagområdeBidra i praktiske øvingar innan andre fagområde som brann, førstehjelp og sjøredning
Revisjon og utvikling av nye kurs og læremateriell
Tilsyn og vedlikehald av utstyr
Kundeoppfølging og administrative rutinar
Dialog og samarbeid med samarbeidspartnarar og offentlege myndigheiter
Kvalifikasjonar
Sjukepleiar eller anna relevant utdanningMaritim eller anna relevant utdanning
Erfaring frå marin og maritim bransje
Erfaring frå opplæring og administrasjon er ein fordel, men ikkje eit krav
God munnleg og skriftleg kommunikasjon og formidlingsevne
Generell god IT-kunnskap
Førarkort klasse B
Truckførarbevis T1-T4
Personlege eigenskapar
Blid, omgjengeleg og løysingsorientertStrukturert, ryddig og fleksibel
Dyktig til å bygge og vedlikeholde gode relasjonar
Lagspelar som likar å samarbeide mot individuelle og felles mål
Bidra positivt til arbeidsmiljøet
God fysisk form
Vi tilbyr
Jobb i eit team der du får jobbe tett samen med kollegaerEin variert og spennande arbeidskvardag
Bidra i vidareutvikling av senteret
God moglegheit for personleg og fagleg utvikling
Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
Fleksitid
Løn etter kvalifikasjonar
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Mona Bakke Svarstad, avdelingsleiar, 91620364, [email protected]Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4929133266
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2025
MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cutters søker etter frisører til Oslo
Oslo - Cutters AS - Publisert 29.4.2025Cutters søker etter frisører til hele Bergen!
Bergen - Cutters AS - Publisert 29.4.2025Cabin Crew
Vil du jobbe 7/7 turnus som renholder på Mongstad utenfor Bergen?
Bergen - Adecco Karrieresenter - Publisert 28.4.2025Montør/mekaniker
Bergen - Nordvest Bemanning AS - Publisert 28.4.2025Stormberg Bergen Storsenter søker engasjert og friluftsinteressert person til fast stilling som Butikkmedarbeider.
Bergen - Stormberg As Avd Bergen Storsenter - Publisert 28.4.2025