Jobbsafari

Instituttleiar for Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking

1 måneder siden
OmrådeBergen
Søk senest5.6.2024
JobbdetaljerÅremål

Om stillingen

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har ledig åremålsstilling som instituttleiar ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett søker instituttleiar for Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking i fireårig åremålsstilling, med tiltreding 01.09.2024.

Instituttleiar har det overordna ansvaret for instituttet og dei tilsette ved instituttet, og rapporterer til dekan. Dei assisterande instituttleiarane ved instituttet rapporterer til instituttleiar.

Instituttleiar skal, som fagleg ansvarleg, legge til rette for at instituttet sine primærfunksjonar - utdanning, forsking og utvikling, innovasjon og formidling - held høg kvalitet.

Som ansvarleg for effektiv utnytting av instituttet sine ressursar, skal instituttleiar sjå til at dette skjer i samsvar med høgskulens mål, departementet sine rammer, tildelt budsjett og styret sine strategiske føringar.

Instituttleiar har òg ansvaret for at forvaltingsoppgåver vert ivaretekne med god kvalitet og at oppgåveløysinga er i samsvar med god forvaltingspraksis.

Den som vert tilsett må rekna med ein del reiseverksemd mellom campusane.

Arbeidsstad er ein av campusane Bergen, Sogndal eller Stord.


Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor instituttet sine fagområde
  • Leie arbeidet med å tilpasse instituttet sine fagområde til samfunnets behov, utvikle utdanningstilbod på bachelor- og masternivå og bidra i arbeidet med utdanningstilbod på phd. -nivå
  • Ansvarleg for at instituttet sine økonomiske rammer vert haldne, og sikre god og formålstenleg bruk av instituttet sine ressursar
  • Bidra til at HVL rekrutterer best mogeleg kvalifiserte studentar og tilsette
  • Stimulere instituttet sitt personale til kompetanseutvikling og til å utvikle og drive FoU-verksemd av høg kvalitet
  • Ivareta personal- og HMS-ansvar for instituttet sine tilsette
  • Legge til rette for digital vidareutvikling av utdanning og forsking
  • Stimulere dei tilsette til formidling av instituttet sine fag- og forskingsområde
  • Ansvar for at instituttet er ein attraktiv arbeidsplass
  • Legge til rette for, og fremje samarbeid, på tvers av einingane i institusjonen
  • Arbeide for internasjonalisering og innovasjon i utdanning og forsking
  • Arbeide for godt læringsmiljø for studentane på instituttet
  • Vidareutvikle relasjonane til relevante samarbeidspartnarar innanfor instituttet sine fagområde og tverrfaglege satsingsområde

Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av strategiske vedtak i HVL.

Mynde

Instituttleiar har ansvar innanfor sitt område og rapporterer til dekan ved fakultetet. Vidare inngår instituttleiar i fakultetet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av fakultetet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.


Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning og høg vitskapleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor instituttet sitt fag- og forskingsområde
  • Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt

Generelle kompetansekrav:

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • God kjennskap til og forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar
  • Erfaring frå og solid kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring frå og kjennskap til dei profesjonane og praksisfelta som instituttet femnar om er ein føremon
  • Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  • God forståing for moglegheitene i digitale løysingar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar:

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings - og utviklingsorientering
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1475 - instituttleiar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.


Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følge.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følge av ev. justeringar i HVL si interne organisering.


Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.


Høgskulen På Vestlandet

BedriftHøgskulen På Vestlandet
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger