Jobbsafari

Inntil 80% fast stilling som fagarbeidar - Åmdals verk barnehage frå 15.08.24

1 måneder siden
OmrådeDalen
Søk senest1.5.2024
JobbdetaljerFast

Om stillingen

FAGARBEIDAR I BARNEHAGE

Tokke kommune har ledige inntil 80 % fast stilling som fagarbeidar i Åmdals Verk frå 15.08.24.

Barnehagane i Tokke har fokus på leik, venskap og gode

relasjonar. Me har fokus på korleis me er saman med andre, og at alle kjenner

at dei høyrer til i eit trygt og godt fellesskap. Me har jobba med prosjektet <> og tek fokuset med oss vidare.

Barnehagane har gode friluft -- og utemiljø som blir nytta aktivt gjennom heile året.

Frå haust 2023 blei barnehagane i Tokke med i <> som har som mål å fremje helse, trivsel og inkludering som grunnlag for læring og livsmeistring.

Åmdals Verk barnehage

Åmdals Verk barnehage er ei lita grendebarnehage med om lag 7 born og 3 tilsette.

Barnehagen har stort fokus på leik, og bruk av uteområdet rundt barnehagen.

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med styrar, Kristine Berthelsen,

e-post: [email protected] mob.: 410 21 563

Me kan tilby:

· Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat

· Eit godt arbeidsmiljø

· Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar

· Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Personlege eigeskapar:

· Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

· Være engasjert, fleksibel, reflektert og tydeleg

· Ha evne til å sjå positivt på nye utfordringer

· Være ansvarsbevisst og sjølvstendig

Kvalifikasjonar:

· Godkjent utdanning som fagarbeidar

Andre (assistentar) kan òg søkje.

· Krav om norsk kunnskapar, etter barnehagelova §28

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.

Blir det fleire ledige stillingar fram til nytt barnehageår, vil ein nytte same søkjarliste.

Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no

Søknadsfrist: 1. mai 2024

Velkomen som søkjar!

Tokke Kommune Sentraladministrasjon

BedriftTokke Kommune Sentraladministrasjon
Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger