Ingeniør / Senior Ingeniør Innreiing

OmrådeUlstein
Publisert24.12.2025
Søk senest1.2.2026

Om stillingen

Er du ein lagspelar, og ynskjer å jobbe i eit tverrfagleg miljø med dyktige og utviklingsorienterte kollegar? Bli med oss som ingeniør innreiing i Ulstein Verft.

Ulstein Verft si konstruksjonsavdeling har ein nøkkelposisjon i bedrifta og har tilsette med brei erfaring og høgt kompetansenivå innan fagområda elektro, maskin, skrog, stålutrustning og innreiing. Du vil verte ein del at eit kjekt og dyktig team som skaper kreative og gode løysingar.

Vi verdset utvikling, både fagleg og personleg og søkjer deg som primært har kunnskap innan konstruksjon med  3D, er nytenkande og kreativ.


Arbeidsoppgåver

Oppgåver du vil arbeide med er blant anna:

  • Konstruere detaljerte arrangement og løysingar i 2D/3D (Autocad eller Revit)
  • Saksbehandling mot klasse, myndigheiter, underleverandørar og kundar
  • Teknisk støtte i innkjøps- og produksjonsrelaterte saker
  • Fagperson i avdelinga

For rette vedkomande, kunne ta rolla som disiplinleiar for fagområdet innreiing i prosjekta.

Kvalifikasjonar

  • Teknisk fagskule eller bachelor innan relevant fagområde
  • Erfaring frå skipsbygging og konstruksjon vil vere ein fordel
  • 3D (Revit/ Cadmatic) er ein fordel
  • I stillinga må du kunne kommunisere godt på både norsk og engelsk
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og fagleg engasjert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Effektiv og nøyaktig
  • Positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet

Vi tilbyr

  • Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsern.
  • Eit tverrfagleg multidisiplinært fagmiljø som vektlegg personleg og fagleg utvikling, sjølvstende og trivsel.
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår, ordna arbeidsforhold, gode pensjons- og gode forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Geir Øvrelid, Department Manager, Electrical and Accommodation Engineering, 950 71 872

Arbeidsstad

Osnesvegen 110
6065 Ulsteinvik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS

Referansenr.: 5055044532
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.02.2026

Øvrelid Geir

Søk etter flere lignende stillinger

Lignende stillinger

Cabin Crew

Emirates

Dubai30.1. - 28.2.
Anbefalt

MC/Field engineer (MECH)

Ikm Gruppen AS

Bergen7.2. - 26.2.
Ny