Om stillingen
Vi søkjer etter ingeniør - byggesak og miljø, fast 100 % stilling.
Er du klar for å starte karrieren din – eller ta neste steg – i ein framtidsretta kommune med stort fagleg handlingsrom?
I Hyllestad kommune ser vi etter deg som vil, torer og kan bruke kompetansen din til vidare samfunnsutvikling.
Hva vi ser etter
Utdanning innan jus, bygg, ingeniørfag, plan, arkitektur, miljø eller liknande. Du bør vere strukturert, løysingsorientert og ha gode samarbeidsevner. Vi har nynorsk som målform og du bør ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter. Førarkort klasse B er også naudsynt.
Arbeidsoppgaver
Handsame bygge- og delesøknadar etter plan- og bygningslova
Handsame utsleppssøknadar etter forureiningslova og forureiningsforskrifta
Arbeide med matrikkelføring og GIS
Rettleie søkjarar og innbyggjarar
Få ansvar for varierte og spennande oppgåver innan plan og utvikling
Lista er ikkje uttømmande, andre oppgåver kan kome i tillegg, samt endre seg etter behov.
Vi tilbyr
Spanande og varierte arbeidsoppgåver
Eit positivt og kompetent fagmiljø
Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og utvikle deg fagleg
Fleksibel arbeidstid og høve til heimekontor
Gode pensjons- og velferdsordningar
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje -- uavhengig av bakgrunn, alder eller erfaring.
.jpg%3FupdatedAt%3D1772544470745&w=128&q=75)

.png&w=128&q=75)