Helse Bergen Hf

Ingeniør

Område

Bergen

Publisert

18.4.2026

Søk senest

30.4.2026

Om stillingen

Om stillinga

Vil du vere med og forme framtidas sjukehusteknologi?

Teknisk avdeling forvaltar Helse Bergen HF si bygningsmasse med tilhøyrande utstyr og anlegg. Avdelinga har 140 tilsette, fordelt på mange faggrupper med høg kompetanse innan moderne byggningsdrift. Dei fleste arbeider ved Haukeland universitetssjukehus.

Vi søkjer ein ingeniør med kompetanse innan automasjon, elektro, maskin eller mekanikk - og gjerne erfaring frå industriell GMP-produksjon. Hos oss får du ei unik moglegheit til å arbeide med automatisering og digitalisering i ein teknisk profil som er heilt avgjerande for framtidas spesialisthelseteneste.

Kvifor velje oss?

Du blir ein del av eit sterkt tverrfagleg team som utviklar løysingar for nokre av verdas mest avanserte steriltekniske anlegg. Seksjon Sterilteknikk er ein nøkkelaktør i Helse Bergen og leverer tenester som sikrar oppetid på medisinsk utstyr og GMP-reinrom for produksjon av celleterapiprodukt - heilt sentralt i behandling av alvorlege sjukdomar og regenerativ medisin.

Arbeidsoppgaver

Di rolle:
  • Ansvar for drift, vedlikehald og vidareutvikling av sterilteknisk utstyr og anlegg
  • Tett samarbeid med fagmiljø innan automasjon, mekanikk og elektro
  • Bidra til høg oppetid og driftsikkerheit i ein av verdas mest komplekse sterilsentralar
  • Arbeid i eit GMP-regulert miljø med høge krav til kvalitet og presisjon


Vi tilbyr:
  • Ei spennande stilling i eit miljø med stor teknologisk utvikling
  • Moglegheit til å påverke og utvikle framtidas løysingar
  • Samarbeid med Forsvaret gjennom NATO Role 4-funksjonar - ei unik beredskapsoppgåve
  • Eit arbeidsmiljø som verdset kompetanse, samarbeid og innovasjon

👉2026 tek vi i bruk Parkhjørnet - ein av verdas mest avanserte sterilsentralar. Vil du vere med på reisa?

Kvalifikasjoner

  • Ingeniørutdanning innan automasjon, elektro, maskin, mekatronikk eller tilsvarande
  • Erfaring frå industriell produksjon, automasjon eller medisinsk-/sterilteknisk utstyr er ønskjeleg
  • Erfaring frå GMP‑produksjon er ein fordel og vil bli vektlagt
  • Kompetanse på sensorikk, dataflyt, integrasjon og digital overvaking er eit krav
  • Forståing for Industri 4.0 og interesse for utvikling mot Industri 5.0
  • Gode ferdigheiter i bruk av PC‑baserte og digitale verktøy

Personlege egenskaper

I denne rolla legg vi stor vekt på personleg eignaheit for å sikre at den nye medarbeidaren passar godt inn i vårt eksisterande arbeidsmiljø og i eit høgteknologisk produksjonsmiljø i rask utvikling. Rolla krev ein ingeniør som både er trygg i eigen fagkompetanse og som fungerer godt i tverrfaglege team.

For å lukkast i stillinga ser vi etter kandidatar som:
  • Har god skriftleg og munnleg formuleringsevne
  • Arbeider sjølvstendig, men òg trivst med samarbeid i operative og tekniske miljø
  • Har gode kommunikasjonsevner og evne til å formidle teknisk informasjon tydeleg
  • Meistrar PC‑baserte verktøy og digitale system, og er komfortabel med arbeidsflyt i Industri 4.0
  • Er serviceinnstilt overfor brukargrupper, kundar og samarbeidspartnarar
  • Er strukturert, ansvarsmedviten og handlingsorientert i møte med komplekse tekniske utfordringar med ofte høgt tempo


👉 Søk no og bli ein del av eit team som gjer ein forskjell - for pasientane, for framtida og for samfunnet.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Adresse: Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Norge

Klikk for å leggje til kart

Kontaktinformasjon

Eirik Grant Urquhart Furre

Seksjonsleiar

Telefon: 41602197

Om arbeidsgivaren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Tilbake til toppen

Helse Bergen Hf

Bedrift

Helse Bergen Hf

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

Bergen

Lignende stillinger

Shop Manager - Alti Storkaia

Rituals Cosmetics Norway AS

Kristiansund12.5. - 1.6.

MC koordinator

Ikm Gruppen AS

Kristiansand13.5. - 28.5.
Ny
Jobbsafari
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS