Industrisnekkar - avdeling Innreiing
Om stillingen
Ulstein Verft har aukande aktivitet og søker derfor etter fagleg sterke kandidatar som har ei interesse for skipsbygging og skipsoppgraderingar, og som ynskjer å utvikle og skape resultat saman med oss. Oppgåvene som skal løysast krev praktisk og teknisk forståing, og ein blir ein del av eit godt fagmiljø.
Intervju vert gjennomført fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil kunne innebere:
- Isolering
- Montere baderomsmodular
- Montere veggar/tak
- Montere dører
- Montere møblement og lister
- Tynnplatekledning
Kvalifikasjonar og erfaring
Det er ønskeleg med relevant fagbrev, som t.d. industrisnekkar/møbelsnekkar. Relevant erfaring frå innreiingsarbeid/tynnplatekledning på skip kan kompensere for manglande formell utdanning. Erfaring frå golvlegging (flytavretting, flislegging og belegg) er ønskeleg, men ikkje eit krav.
Oppgåvene som skal løysast krev praktisk og teknisk forståing. Det er derfor nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene saman.
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass
Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon. Vi har gode produksjonsfasilitetar der arbeidet i all hovudsak føregår innandørs i vår utrustnings- og dokkhall. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg samarbeidspartnar.
I hjartet av Sunnmøre
Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane er også berre ein times køyring ifrå Ulsteinvik.Kontaktinformasjon
Øyvind Flø, Supervisor, Interior, 94874672, [email protected]Stig B. Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, +47 91581013, [email protected]
Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft ASReferansenr.: 4896366294
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2025
Ulstein Verft AS
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Arbeidsledere, KONE Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 16.4.2025Vi søker lagermedarbeidere
Dør og Porttekniker til KONE Doors - Hamar
Finland - Kone Norway - Publisert 14.4.2025Senior innovasjonsrådgiver - Nordic Innovation
Oslo - Nordisk Rad og Nordisk Ministerrad - Publisert 9.4.2025