Jobbsafari

Industrirørleggar/Hjelpearbeidar- avd. Maskin og Rør

21 dager siden
OmrådeUlsteinvik
Søk senest31.7.2024
JobbdetaljerFast
Søk på jobb

Om stillingen

Ulstein er eit familieeigd selskap som arbeider innan det maritime området. Vi designar, bygger og leverer løysingar til skip samstundes som vi tilbyr eit breitt spekter av tenester innan ettermarknad. Vi likar å utfordre bransjen og kome opp med løysingar som reduserer miljøavtrykk og gir kundane våre konkurransefortrinn. Verdiane våre - å engasjere, innovere og avansere - bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø og gjer Ulstein til ein trygg og ansvarleg samarbeidspartnar. 

Ulstein Verft har aukande aktivitet og søker derfor etter fagleg sterke kandidatar som har ei interesse for skipsbygging og skipsoppgraderingar, og som ønsker å utvikle og skape resultat saman med oss. Vi har gode produksjonsfasilitetar der arbeidet i all hovudsak føregår innandørs i vår utrustings- og dokkhall. 

Intervju vert gjennomført fortløpande.


Oppgåver du vil jobbe med

Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:

  • Service og reparasjon av ventilar, rør og rørsystem (ISO og Ermeto)
  • Tilverking og montering av rørsystem om bord i skip
  •  Vedlikehald, reparasjonar og overhaling av maskinkomponentar
  • Service og vedlikehaldsarbeid på propellar, thrusterar, kjølar, pumper og liknande
  • Montering av motorar, pumper, propellar, etc
  • Installasjon av skipsmaskineri

    Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare

    Vi ønskjer søkarar med fagbrev som industrirørleggar eller andre relevante fagbrev. Manglar du fagbrev? Vi kan vere behjelpeleg med å få tatt dette gjennom jobben. 

    Oppgåvene som skal løysast krev ei praktisk og teknisk forståing - frå teikning til sluttprodukt. Det er derfor nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Det er også ein fordel å kunne norsk og engelsk for å kunne diskutere med kollegaer for å løyse oppgåvene.

    Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass?

    Ulstein Verft byr på varierte arbeidsoppgåver, gode kollega og moglegheiter for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon.


    I hjartet av Sunnmøre

    Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein Verft, så er både Ulsteinvik og kommunane rundt ein flott plass å bu. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng ein enkelt kan nå til fots, på sykkel eller ski. Bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane er også berre ein times køyring frå Ulsteinvik.

    Kontaktinformasjon

    Vidar Hungnes, Department Manager - Pipe & Machinery, +47 90960746


    Arbeidsstad

    Osnesvegen 110


    6065 Ulsteinvik


    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ulstein Verft AS



    Referansenr.: 4831757968


    Stillingsprosent: 100%


    Fast


    Søknadsfrist: 31.07.2024



    Ulstein Verft AS

    Søk etter flere lignende stillinger

    Lignende stillinger