Industrimekanikar og sveisar - Avdeling Stålutrusting
Om stillingen
Vil du jobbe med skipsbygging i eit engasjert team?
Ulstein Verft er inne i ei spennande fase med fleire signerte kontraktar på både nybygg og ettermarkedsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet, og treng difor fleire dyktige kollegaer i teamet vårt.
Vi er på jakt etter deg med interesse for skipsbygging og skipsoppgradering. Hos oss vert du utfordra gjennom nye oppgåver og vi lærer av kvarandre for at jobben vi gjer skal bli best mogleg.
Intervju vil bli gjennomført fortløpande.
Oppgåver du vil jobbe med
Arbeidsoppgåvene er varierte, og kan blant anna innebere:
- Bruk av tyngre bearbeidingsutstyr som brennemaskin, valse, knekke, sager, mm
- Montering og sveising av ulike typar dekkutrusting som kraner og vinsjar
- Bygging, sveising og montering av fundament
- Bygging, sveising og montering av større stålkonstruksjonar
- Reparasjon og vedlikehald av fartøy
Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare
Det er ønskeleg med relevant fagbrev, som t.d. industrimekanikar, sveisar eller platearbeidar.
Oppgåvene som skal løysast krev praktisk og teknisk forståing. Det er derfor nyttig med erfaring frå skipsbygging og maritim verksemd. Det vil også vere nødvendig å kunne kommunisere på norsk og/eller engelsk slik at vi kan diskutere og løyse oppgåvene saman.
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass
Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS-verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar og fleksitidsavtale for våre tilsette. Med godt humør og vilje til å bidra vil du passe godt inn hos oss. Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, pålitelegheit og leveringspresisjon.
I hjartet av Sunnmøre
Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane er også berre ein times køyring ifrå Ulsteinvik.Kontaktinformasjon
Stig Slettebakk, Department Manager Outfitting & Steel, 91581013Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft ASReferansenr.: 4830421669
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.07.2024
Ulstein Verft AS
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
TUI Hotel or Service Rep
Norge - Tui Holding AS - Publisert 25.3.2025Arbeidsledere, KONE Oslo
Oslo - Kone Norway - Publisert 16.4.2025Vi søker lagermedarbeidere
Dør og Porttekniker til KONE Doors - Hamar
Finland - Kone Norway - Publisert 14.4.2025Senior innovasjonsrådgiver - Nordic Innovation
Oslo - Nordisk Rad og Nordisk Ministerrad - Publisert 9.4.2025