Tenesteutvikling, Helse Vest IKT

IKT-konsulent/Systemforvaltar

OmrådeBergen
Publisert11.2.2025
Søk senest1.3.2025

Om stillingen

Bak alle dei lysande skjermane og dei store, viktige systema som bidreg til å halde sjukehusdrifta i gang, står Helse Vest IKT. Vi forvaltar både dei kliniske og administrative systemløysingane for alle sjukehusa og andre helseføretak i Helse Vest. Vi er ei av dei største IT-verksemdene i Vest, og fokuset vårt er alltid pasienten.

I katalogen vår har vi alt frå komplekse regionale system, til mindre lokale system på dei enkelte sjukehusa. Mange av løysingane er særs kritiske i pasientbehandlinga, og stiller strenge krav til oppetid og kvalitet. Vi står midt mellom dei som lagar programvara, og dei som skal bruke ho - vi er bindeleddet. Det er difor viktig at våre forvaltarar både forstår og evnar å snakke sjukehusspråk på kundesida, og teknikarspråk med våre leverandørar. 

Avdeling Tenesteutvikling har forvaltingsansvar for dei fleste systema våre. Dette inkluderer mellom anna endringshandsaming, planlegging og gjennomføring av oppgraderingar, system- og prosessforbetring, tett dialog med leverandørane våre, og 3. linje sakshandsaming. 

Vi har no ledig fast stilling i Team Bio. Team Bio jobbar med diverse system som blir brukte i pasientbehandlinga, blant anna i samband med kirurgi, intensivbehandling, legemiddelproduksjon, innanfor fagfelta reumatologi, hørsel og beredskap, og systema som høyrer til mor/barn-porteføljen. Personen vi søkjer etter vil ha hovudfokus på operasjonsplanleggingsverktøyet Orbit, i tillegg til andre system som er i bruk i pasientbehandling.

Helse Vest IKT har kontor i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger, og vi er opne for å avtale arbeidsstad. Søkjarar vil bli vurdert fortløpande. 


Arbeidsoppgåver

  • Forvalting og vidareutvikling av ulike system brukt av ulike avdelingar i sjukehusa i Helse Vest
  • Konfigurasjon og oppsett i enkelte av systema
  • Vere tolk og bindeledd mellom leverandør og kunde (sjukehus)
  • Ha 3. linje-rolla, vere siste støtteinstansen før saka går over til leverandør
  • Produsere kunnskapsprosedyrar og annan dokumentasjon
  • Både forstå systemet og funksjonaliteten, samt behovet til kunden
  • Sakshandsaming, både brukarstøtte, feilsituasjonar og leveransar
  • Fungere som knutepunktet mellom oss, leverandørar, andre eksterne og helseføretaka.
  • Organisere og delta i testing i samband med nye utrullingar, oppgraderingar og feilrettingar 

Kvalifikasjonar

  • Relevant universitets- og/eller høgskuleutdanning med fordjuping innan IKT og/eller helsefagleg utdanning
  • Erfaring med forvalting av IKT-system og -løysingar vil vere ein føremon, men er ikkje eit krav
  • Kjennskap til prosessar i sjukehusa vil vere ein føremon, men er ikkje eit krav
  • Erfaring frå prosjektarbeid er ein føremon
  • Må kunne kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Gode relasjonelle ferdigheiter - du ser alle sine behov og klarar å formidle det som skal til
  • Du likar å tileigne deg ny kunnskap og ta tak der det trengst
  • Du er tydeleg - du har ikkje telefonskrekk, frykt for å ta ordet eller vere ærleg om det som manglar
  • Blikk for detaljar - du er løysingsorientert og feilsøkande, og har evna til å løfte blikket og sjå heilskapen
  • Smittsam personlegdom - i ein pressa situasjon klarar du å få fram det positive og gjere frustrasjon om til løysingsjakt
  • Deling av kunnskap ? du ser verdien av å dele kunnskap med dine kollegaer, kundar og andre samarbeidspartnarar
  • Nyfiken ? du er nyfiken og torer å spørje for å betre forstå
  • Initiativ ? du ser behovet for og evnar å ta ansvar og styring når situasjonen krev det
  • Teknisk forståing ? du er både interessert i å finne ut av og evnar å forstå korleis ting heng saman
  • Interesse for vidareutvikling og forbetring av løysingar ? du må brenne for å gjere ting betre og levere gode tenester til kundane våre

Vi tilbyr

  • Ein trygg arbeidsstad med gode pensjonsordningar
  • Ordinær arbeidsdag er 7,5 timar, inkludert lunsj
  • Gode utviklingsmoglegheiter, både kompetansemessig og karrieremessig
  • Inkluderande og kunnskapsrike kollegaer som alle jobbar for det felles beste
  • Fleksibel og moderne arbeidstidsordning
  • Moderne maskinvare og utstyr

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen til å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Margunn Pile Torpe, Seksjonsleiar, +47 95829964

Arbeidssted

Bjørnsons gate 29
5052 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Vest IKT

Referansenr.: 4918032265
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.03.2025

Tenesteutvikling, Helse Vest IKT

BedriftTenesteutvikling, Helse Vest IKT
Om bedriftenHelse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.

Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Søk etter flere lignende stillinger