ID 976 - Lærling frå haust 2025 i Fitjar kommune
Om stillingen
Fitjar kommune søkjer etter lærlingar for oppstart hausten 2025
Du må skrive i søknadsteksten kva fag du søkjer deg som lærling innan.
Fitjar kommune er ein triveleg arbeidsplass som byr på varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter til både fagleg og personleg utvikling.
Me ser etter deg som:
Er motivert og interessert i faget og vil bidra med eigeninnsats og engasjement.
Viser omsyn og respekt.
Har bestått Vg1 og Vg2 i helsearbeidarfag.
Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre yrkesgrupper og pårørande.
Kan kommunisere med menneske med ulik bakgrunn og i ulike livssituasjonar.
Viser forståing for andre.
Viser ansvar og er påliteleg.
Me kan tilby:
Løn etter tariff.
Godt arbeidsmiljø.
Gode læresituasjonar.
Som lærling vil du få god opplæring i eit profesjonelt miljø, men det krev også pålitelegheit, eigeninnsats og engasjement for å lykkast og utvikle deg i faget.
Vi ser etter deg som er nysgjerrig, engasjert og klar for å ta ansvar for eigen læring og utvikling. Tilsetjing etter gjeldande lov- og avtaleverk for lærlingar i kommunal verksemd. Attestar og vitnemål tas med til eit eventuelt intervju.
Lærling IKT
Er du interessert i teknologi og ønskjer å utvikle dine ferdigheiter i eit spennande og dynamisk miljø? Vi tilbyr ei unik moglegheit til å lære og vekse i vår IKT-avdeling.
Som lærling innan IKT, support og datatryggleik, kan me tilby deg ein spennande og lærerik kvardag med mange moglegheiter for fagleg utvikling. Du vil få opplæring i eit profesjonelt og fagleg miljø med grundig opplæring i drift og vedlikehald av IT-system, brukarstøtte og digitalisering av kommunale tenester. Me legg også stor vekt på datatryggleik og korleis du kan bidra til å oppretthalde sikre IT-tenester.
For spørsmål kontakt IKT-leiar Stian Torland, tlf 40404161, [email protected]
Lærling helsefagarbeidar
Ønskjer du å gjere ein forskjell i menneskers liv? Som lærling i helsefagarbeid vil du få verdifull erfaring innan pleie og omsorg. Du vil jobbe tett med erfarne fagfolk og bidra til å gi våre innbyggjarar den beste omsorga.
Som lærling i helsearbeidarfaget vil du få god opplæring i å yte praktisk hjelp, pleie og omsorg til menneske som treng det. Du får jobbe med menneske i forskjellige aldrar og livssituasjonar. Det kan vere born, vaksne og eldre med ulike funksjonsvariablar og sjukdommar eller behov for rehabilitering. I løpet av læretida vil du få praksis på sjukeheim, heimebaserte tenester og avdeling Habilitering.
For spørsmål kontakt einingsleiar i Habilitering Lillian Kongestøl Vik tlg 96040369, [email protected] eller einingsleiar sjukeheim og heimebaserte tenester Olav Sande tlf 93609390, [email protected]
Lærling kokk
Har du ein lidenskap for matlaging og ønskjer å utvikle dine kulinariske ferdigheiter? Vi tilbyr ein spennande lærlingplass der du får moglegheita til å jobbe i vårt kjøkken og lære av dyktige kokkar. Du vil vere med på å lage næringsrike og smakfulle måltid til våre innbyggjarar.
Som kokkelærling vil du få omfattande opplæring i eit profesjonelt kjøkkenmiljø, inkludert lære om IK-Mat (Internkontroll Mat), som sikrar at maten me serverar er trygg og av høg kvalitet. Du vil få vegleiing og oppfølging av erfarne kokkar som vil hjelpe deg med å utvikle dine ferdigheiter og nå dine læringsmål.
For spørsmål kontakt Ann Kristin Gloppen tlf 99231909, [email protected]
Lærling barne- og ungdomsarbeid
Er du glad i å jobbe med barn og ungdom? Som lærling i barne- og ungdomsarbeid vil du få moglegheita til å bidra til ein trygg og utviklande kvardag for våre yngste innbyggjarar. Du vil jobbe i barnehagar, skular og skulefritidsordning (SFO), og vere med på å planlegge og gjennomføre aktivitetar.
Som lærling i barne- og ungdomsarbeid vil du få erfaring frå ulike arbeidsplassar. Du vil få opplæring i pedagogiske metodar og teknikkar som fremjar sosial og motorisk utvikling hjå barn og unge. Du vil vere med på å planlegge og gjennomføre aktivitetar som bidreg til læring, leik og utforsking. Du vil lære å samarbeide med anna pedagogisk personell, barn, unge og føresette for å skape eit trygt og utviklande miljø.
For spørsmål kontakt kommunalsjef Andrę Sæthre tlf 40043230, [email protected]
Fitjar Kommune
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Faglig Ansvarlig Lærlinger
Oslo - Kone Norway - Publisert 28.4.2025Kokk til sommerrestaurant - Villa Lofoten
Vestvågøy - Villa Lofoten AS - Publisert 27.4.2025Daglig leder/eier av Joker Storgatbakken
Tromsø - Storgatbakken Dagligvarer AS - Publisert 27.4.2025Butikkmedarbeider - Tolvsrød
Tønsberg - Zecond Floor AS - Publisert 27.4.2025Stallmedarbeider / gårdshjelp på hesteavlsgård
Tønsberg - O Søndre - Publisert 27.4.2025