ID 969 Fritidskontakt
Om stillingen
Har du litt tid til overs - og ynskjer å gjera noko verdifullt for andre?
Me har til ei kvar tid behov for fritidskontaktar. Som fritidskontakt bidreg du til at born, unge eller vaksne spesielle behov og behov for støtte til å ei aktiv og meningsfull fritid.
Ein fritidskontakt er en brubyggjar til sosial aktivitet, deltaking og integrering.
Våre tenestemottakarar er born, ungdom, vaksne og eldre med ulike interesser. Me har difor behov for fritidskontaktar av begge kjønn i ulik alder og med ulike interesser.
Arbeidet vil variera i art og omfang frå oppdrag til oppdrag. Eit oppdrag er gjennomsnittleg 3-5 timar pr veke. Fritidskontaktar er oppdragstakarar for Fitjar kommune.
Me har behov for fritidskontaktar individuelt og eventuelt for gruppe.
Dersom det let seg gjere, vil me forsøka å koble saman fritidskontakt og tenestemottakar/gruppe ut frå felles interesser. Det er difor fint om du skriv litt om interessene dine i søknaden.
Er du tilsett i ei 100% stilling frå før, er student eller pensjonist, kan du likevel vera fritidskontakt.
Søknadar vert vurdert fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Leggje til rette for at tenestemottaker får moglegheit til meir aktiv og meiningsfull fritid som t.d delta på ulike fritidsaktivitetar og kulturarrangement.
Bidra til at tenestemottakar får nye opplevingar og eventuelt hjelp til å byggje eige nettverk.
Finne egna fritidsaktivitetar med bakgrunn i tenestemottakar sine interesser og behov. Døme på aktivitetar kan vere gåturar, kafé besøk, svømmehall, trening, konsert, spel, dataspel. Me kan også sjå om det let seg gjere å få til aktivitetskveld saman med andre tenestemottakarar.
Motivera til å utforska nye aktivitetar i trygge rammer.
Motivera og tilretteleggja for deltaking saman med andre.
Kvalifikasjonar
Du likar å vera aktiv, ynskjer å kunne bidra til at andre får gode opplevingar og variasjon i kvardagen
Du er god til å byggje relasjonar
Det er veldig fint om du har førarkort og disponerer bil, men det er ikkje eit krav (fint om du skriv i søknaden om du har førarkort)
Det er viktig at du er pålitelig og held avtalar
Det er ikkje krav til at du har nokon formell utdanning. Personlige egenskaper og erfaring vert vektlagd.
Du må ha gode språkkunnskapar
- Politiattest må visast ved eventuelt tilbod om oppdrag
Personlege eigenskapar
Du har eit ynskje og er motivert til å sette av 3-5 timer pr veke til å vera fritidskontakt
Du har interesse og romslighet overfor andre mennesker og har eit ynskje om å gjera noko verdifullt for andre
Du har fylt eller fyller snart 18 år
Du er fleksibel
Du er trygg på deg sjølv, kan setje grenser og vera profesjonell i rolla di som fritidskontakt
Me leitar etter deg som er positiv og flink til å motivere
Du er raus og kreativ
Det er viktig at du kan utføra oppdraget over lengre tid, minimum 1 år
Me tilbyr
Oppdrag 3-5 timer pr veke kor du kan vera med å gjere ein forskjell for andre.
Varierande dagar - ingen dag er lik
Individuell vegleiing
Betaling etter KS sine lønstariffsatsar samt utgiftsdekning
Det er fint om du skriv litt i søknadsskjemaet om motivasjonen din for å bli fritidskontakt. Det er også fint om du skriv noko om kva for aldersgruppe du ynskjer å vera fritidskontakt for (born, ungdom, vaksne eller eldre).
Fritidskontakt i Fitjar kommune
Lignende stillinger
Cabin Crew
Faglig Ansvarlig Lærlinger
Oslo - Kone Norway - Publisert 28.4.2025Kokk til sommerrestaurant - Villa Lofoten
Vestvågøy - Villa Lofoten AS - Publisert 27.4.2025Daglig leder/eier av Joker Storgatbakken
Tromsø - Storgatbakken Dagligvarer AS - Publisert 27.4.2025Butikkmedarbeider - Tolvsrød
Tønsberg - Zecond Floor AS - Publisert 27.4.2025Stallmedarbeider / gårdshjelp på hesteavlsgård
Tønsberg - O Søndre - Publisert 27.4.2025