ID 911 Sjukepleiar 100 % fast stilling ved Fitjar bu- og behandlingssenter
Om stillingen
Ved Fitjar bu- og behandlingssenter har me ledig 100% fast stilling for sjukepleiar. Stillinga inneber turnusarbeid dag/kveld og kvar 3. helg.
Fitjar bu og behandlingssenter har 2 avdelingar, ein somatisk avdeling og ein skjerma avdeling. Ledig stilling er ved skjerma avdeling.
Kvalifikasjonskrav:
Autorisert sjukepleiar
Førarkort kl.B
Høg arbeidskapasitet og arbeidsglede
Gode norsk kunnskaper
Godkjend politiattest
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me tilbyr:
Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og godt fagmiljø.
Løn etter tariffavtale for kommunal sektor
God forsikrings- og pensjonsordning.
Opplæring og rettleiing.
Søknadsfrist:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju fortløpande
Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn. Tilsetjing og arbeidsvilkår etter ei kvar tid gjeldande regelverk. Vitnemål og attestar takast med ved innkalling til eit evt. intervju.
Fitjar kommune Fitjar kommune er liten i innbyggjartal, men stor på naturopplevingar og fellesskap. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og eit mylder av øyar og skjer. Gode butilhøve, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.
Nærare opplysningar om stillinga får de ved å kontakte einingsleiar:
Olav Sande tlf: 936 09 390.
Fitjar Bu- Og Behandlingssenter Somatisk Avdeling
Fitjar bu- og behandlingssenter er institusjonsdelen av pleie- og omsorgstenestene i Fitjar. Tenestekontoret har ansvaret for å forvalta dei kommunale helse- og omsorgsstenestene. Det vil seie at sakshandsamar tek imot søknader, greier ut saka og førebur saker for inntaksnemda sine møte.
Institusjonen har 25 plassar, og tilbyr følgjande tenester:
- Langtidsopphald
- Korttidsopphald
- Avlasting
- Rehabilitering
- Palliasjon
Det er 2 avdelingar/grupper på institusjonen
Gruppe 4 - Demensomsorg: 11 plassar
Gruppe 2 - Somatisk avdeling: 14 plassar (4 plassar er kortidsplassar og 10 er langtidsplassar)
Nettsted
Søk etter flere lignende stillinger
Lignende stillinger
Cabin Crew
Kranbilsjåfør / Mobilkranfører
Rana - Polarkran AS - Publisert 28.4.2025Montør/mekaniker
Bergen - Nordvest Bemanning AS - Publisert 28.4.2025Frati søker servitører!
Er du vores nye barnehagelærer ?
Oslo - Villa Borgen AS - Publisert 28.4.2025100 % fast stilling - barnehagelærer
Holmestrand - Møllerdammen Naturbarnehage AS - Publisert 28.4.2025