Ingrid Helen Mjelde

ID 2443 Pedagogisk-psykologisk rådgjevar - Førebyggjande tenester

Område

Stord

Publisert

6.5.2026

Søk senest

17.5.2026

Om stillingen

PPT for Stord, Fitjar og Tysnes er ei interkommunal PP-teneste som har 10 fagstillingar med entusiastiske og motiverte tilsette. Tenesta er utviklingsorientert og jobbar gjennom variererte arbeidsmåtar. Kompetanseløft for > står sentralt i PP-tenesta.

Me søkjer etter pedagogisk-psykologisk rådgjevar i fast 100% stilling frå 01.08.2026.

Oppgåvene i PP-tenesta er:

  • Utvikling og endringsarbeid i barnehage, men kan vera relevant med skuleerfaring

  • Sakkunnig arbeid etter opplæringslova og barnehagelova

  • Konsultasjonar, veiledning og rådgjeving

  • Observasjon, kartlegging og utredning av barn og unge

  • Samarbeid med føresette, barnehagar, skular og andre hjelpeinstansar

  • Fast kontaktperson i barnehage og/eller skule

Me ser etter ein fagperson med fylgjande kvalifikasjonar: 

  • Barnehagelærar, men lærarutdanning vil verta vurdert.

  • Ynskjeleg med master innafor eit av dei spesialpedagogiske fagområda

  • Erfaring og kompetanse med rådgjeving og rettleiing er ei føremon

  • Testkompetanse innan med sertifisering innen Wechslertestane og/ eller språktesting er ei førmon.

  • Interesse og/eller erfaring med utviklings- og endringsarbeid

  • Systematisk og sjølvstendig 

  • Jobbar godt saman med andre 

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 

  • Personleg eignaheit vil verta vektlagt.

  • Noko reiseverksemd mellom våre tre kommunar må påreknast, førarkort er naudsynt.  

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit utviklande fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentlig tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Avdelingsleiar Ingrid Helen Mjelde: [email protected] tlf 93031507

Tilbake til toppen

Ingrid Helen Mjelde

Bedrift

Ingrid Helen Mjelde

Søk etter flere lignende stillinger

StordHelse og sosial

Lignende stillinger

Shop Manager - Alti Storkaia

Rituals Cosmetics Norway AS

Kristiansund12.5. - 1.6.
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS