ID 2392 Barnehagelærar - Sagvåg barnehage avdeling Nysæter
Om stillingen
Sagvåg barnehage avd. Nysæter er ein kommunal barnehage som ligg sentralt i området Sagvåg/Nysæter. Barnehagen har Nysæter ungdomskule og Solid sin idrettsplass som næraste nabo. Barnehagen har kort veg til Sagvåg sentrum, og til fine naturområde som skog, fjell, vatn og sjø
Kort om barnehagen:
Barnehagen har 42 barn fordelt på tre barnegrupper.
Visjonen vår er Saman om den gode barndomen
Me har eit aktivt og engasjert personale som består av både menn og kvinner. Dei tilsette hos oss har god kompetanse og lang erfaring.
Satsinga vårt dette året er Språk og inkludering, med mål om å skape eit inkluderande leikemiljø der barna medverkar i leik og aktivitetar ved å bruke språket aktivt.n.
Det er ledig fast 100% stilling som barnehagelærar frå 1.januar 2026
Barnehagen søkjer etter deg som
har evner til å vera med å vidareutvikla ein god barnehage i tett samarbeid med føresette, tilsette og barnehagen sine samarbeidspartnarar
har arbeidsglede, arbeidsmot, godt humør og gode samarbeidsevner
har gode leiareigenskapar i høve barnegrupper og pedagogisk opplegg
er positiv, initiativrik og løysningsorientert
er strukturert og fleksibel
kan bidra til å skapa eit godt læring- og leikemiljø
har evner til å vera ein tydeleg rollemodell både for barn og vaksne
Ansvar og oppgåver
bidra med, og setje i verk pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn
planlegge, gjennomføre, dokumentere, vurdere og utvikle arbeid i høve enkeltbarn og barnegruppa
rettleiing av personale
foreldresamarbeid
tverrfagleg samarbeid
prosjektarbeid
Kvalifikasjonskrav
Søkjar må ha utdanning som barnehagelærar.
Må beherske digitale verktøy
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
Me kan tilby:
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
Godt arbeidsmiljø
Stord Ve og Vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentleg tenestepensjon
Nærare informasjon får ein ved å kontakta einingsleiar Irene Nilsen Vinje, tlf. 48 11 05 24.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

