Om stillingen
Eining for kultur har ledig to faste stillingar som badevakt, begge på 24 % stilling.
Arbeidstida er anna kvar veke på ettermiddag/kveld og i helg. Sjå opningstider for offentleg bading: https://stord.kulturhus.no/symjehallen/ Om ynskjeleg kan stillingane kombinerast.
På grunn av samansetjinga av badevaktlaga, ei kvinne og ein mann på kvart lag, ønskjer me kvinner i stillingane.
Arbeids- og ansvarsområde:
- Badevakt
Kvalifikasjonskrav:
Gode symjeeigenskapar
Dukka og henta opp dokke eller partnar frå 4 meters djup
Føra i land person og direkte gjennomføra hjarte- og lungeredning på øvingsdokke
Undersøkja medvitslaus og medviten person
Behandla sår og sårskadar
Søkjar må vera over 18 år og snakka godt norsk
Glad i å omgåast menneske
Ha godt humør og vera sørvisinnstilt
Det blir gitt årleg obligatorisk livredningsprøve (teoretisk og praktisk)
Oppstart 25.08.2025, eller etter avtale.