Stord Kommune

ID 2340 Avdelingsleiar Knutsaåsen omsorgssenter avdeling 2 og natt

Område

Stord

Publisert

20.6.2025

Søk senest

19.7.2025

Om stillingen

På Knutsaåsen omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader. Vår visjon er kultur, trivsel og omsorg i kvardagen. Me har frå snarast ledig fast 100% stilling for avdelingssjukepleiar ved Knutsaåsen omsorgssenter.

Har du interesse av å jobbe som leiar i ein spanande demensavdeling? Avdelinga har 20 pasientar, fordelt på to grupper. Knutsaåsen jobbar med prosessar som ny ansvar- og oppgåvedeling i regi av TØRN. Me jobbar også med ny arbeidstidsordning og oppstart av årsturnus i desember 2025. Du vil arbeide tett med eit team av høgt kvalifiserte medarbeidarar og sikre at avdelinga når sine mål. Me søkjer no etter ein avdelingsleiar som vil vere med på å forme framtida vår!

Knutsaåsen omsorgssenter er organisert saman med Stord sjukeheim, og du vil vera ein del av ei trygg og god leiargruppe som har faste møtepunkt. Det er også faste møtepunkt med alle avdelingsleiarane i Rehabilitering, helse og omsorg.

Det kan også bli lagt til nestleiarfunksjon til stillinga om det er ønskeleg.


Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert sjukepleiar med erfaring og kompetanse innan geriatri

  • Erfaring frå og/eller interesse for leiing. Leiarkompetanse er eit føremon.

  • Kunnskap og forståing av turnus, arbeidstidsordningar og lovverk knytt til dette.

  • Den som vert tilsett må ha gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg


Me ønskjer ein person som:

  • Kan leie og motivere avdelinga sine tilsette

  • Er ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert

  • Er fagleg oppdatert og engasjert i fagleg utvikling og kunnskapsbasert praksis

  • Er pådrivar for internundervisning og fagutvikling i eininga

  • Har høg arbeidskapasitet, er påliteleg, fleksibel og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

  • Har evne til å arbeide målretta og sjølvstendig

  • Har evne til fleksibilitet, samarbeid og god kommunikasjon med brukar, pårørande og kollega

Det vert lagt særskilt vekt på personlege eigenskapar

Me kan tilby:

  • Eit positivt og godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver

  • Engasjerte kollegaer med ulik erfaring og kompetanse

  • God opplæring og oppfølging

  • Inkluderande arbeidsmiljø

  • Høgt fagleg nivå

  • Bedriftshelseteneste

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk

  • Offentleg tenestepensjon


Søknadsfrist: 20.07.25

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.


For nærare opplysningar, ta kontakt med:

  • Einingsleiar Britt Nelly Hystad Barane, tlf 924 86 358 (F.o.m 01.09.25)

  • Einingsleiar Kristin Steinsland, tlf 416 94 266

Tilbake til toppen

Stord Kommune

Bedrift

Stord Kommune

Vis flere jobber for denne bedriften

Søk etter flere lignende stillinger

StordHelse og sosial

Lignende stillinger

Shop Manager - Alti Storkaia

Rituals Cosmetics Norway AS

Kristiansund12.5. - 1.6.
Jobbsafari
Du finner oss også på sosiale medier:

Jobbsafari er Norges nye arbeidslivsmedium og jobbsøkerside. Jobbsafari tilbyr tips og nyheter om arbeidsliv, jobbsøking og rekruttering. Hos oss finner du flest ledige stillinger med ett enkelt søk! Jobbsafari er en del av Jobbland, et ledende nordisk rekrutteringsmarkedsføringsselskap og en jobbmarkedsplass med millioner av brukere i Finland, Sverige og Norge.

  • Bla gjennom jobber
  • Jobber i ulike områder
  • Jobber i ulike yrkeskategorier
  • Jobber i ulike yrker
  • Jobber i ulike bedrifter
© 2026 Jobbland AS