ID 1043 Sjukepleiar 100% fast stilling ved Fitjar bu- og behandlingssenter, somatisk avdeling
Om stillingen
Ved Fitjar bu- og behandlingssenter har me ledig 100% fast stilling for sjukepleiar.
Stillinga inneber turnusarbeid dag/kveld og kvar 3. helg. Moglegheit for langvakter etter avtale.
Fitjar bu og behandlingssenter har 2 avdelingar, ein somatisk avdeling og ein skjerma avdeling. Den ledige stillinga er for tida ved somatisk avdeling.
Me har mange flotte medarbeidarar i eininga, og søkjer no etter sjukepleiar som kan jobba sjølvstendig og i team. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.
Me treng deg som:
Er fagleg sterk
Er strukturert og pliktoppfyllande
Likar å ta ansvar og føl dette opp
Er stabil og påliteleg
Er kreativ og praktisk
God på å skape relasjonar med pasientar, pårørande og kollegaer
Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet
Yt tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk
Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Har gode samarbeidsevne
Har evne til å ta imot og gje kollegaveiledning
Kvalifikasjonskrav:
Autorisert sjukepleiar
Høg arbeidskapasitet og arbeidsglede
God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, og gode grunnleggande datakunnskapar
Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me tilbyr:
Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og godt fagmiljø.
God forsikrings- og pensjonsordning.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP
Opplæring og rettleiing.
Søknadsfrist:
- Intervju kan bli gjennomført fortløpande med tilsetjing fortløpande då dette er utviding etter at søknadsfrist var gått ut.
Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn. Tilsetjing og arbeidsvilkår etter ei kvar tid gjeldande regelverk. Vitnemål og attestar takast med ved innkalling til eit evt. intervju.
Nærare opplysningar om stillinga får de ved å kontakte konstituert einingsleiar:
Marte Kristin Maraas tlf: 93456317